Hopp til innhold

Full strid i Pensjonistpartiet – usemje om fylkesleiarar er ekskluderte

Krangel om når landsmøtet skal vere, har ført til eksklusjon av fire av fylkesleiarane i Pensjonistpartiet. Men dei nektar å gi seg.

John John Bruseth i Pensjonistpartiet

LEIAR?: John John Bruset omtaler seg sjølv som leiar i Pensjonistpartiet. Men store delar av partiet meiner han er ekskludert.

Foto: Antara Roychowdhury

Det er duka for full oppvask i Pensjonistpartiet etter at fire av fylkesleiarane tidlegare denne veka kalla inn til partilandsmøte.

Det likte dei seks andre fylkesleiarane svært dårleg, og svarte med eksklusjon.

– Eg veit ikkje om eg skal le eller grine, seier John John Bruseth, som sjølv omtaler seg som leiar og fylkesleiar i partiet etter det han kallar for eit offisielt landsmøte i Pensjonistpartiet tysdag.

Saman med fylkesleiarane frå Innlandet, Trøndelag og Møre og Romsdal har han fått avskjed på grått papir, men nektar å godta det.

Hevdar fleirtalet sa nei til landsmøte

Karin Bratteng, som er leiar for Pensjonistpartiet for Vestfold og Telemark, er ein av dei som meiner dei fire har brote fleire av vedtektene til partiet og no er ekskludert.

Karin Bratteng i Pensjonistpartiet

BEDRØVELEG: Karin Bratteng, som er leiar for Pensjonistpartiet for Vestfold og Telemark, omtaler situasjonen i partiet som bedrøveleg.

Foto: Irene Johansen

– Eg synest det er bedrøveleg at det har vorte som det har vorte, seier ho.

Bratteng viser til at det tidlegare i sommar vart fleirtal i interimsstyret (det mellombelse styret) for at det ikkje skulle haldast landsmøte i år, men våren 2022.

Ho reagerer derfor sterkt på at delar av laget kalla inn til nettopp det, tysdag denne veka.

– Dette er klart ulovleg og brot på fleire av vedtekta til partiet, skreiv partiet i ei pressemelding tidlegare denne veka.

– Snudd på hovudet

Men dei fire fylkesleiarane står på sitt.

– Vi inviterer alle til landsmøtet, utan at nokon av dei seks fylka kjem. Heile saka er snudd på hovudet og bak fram. Dei seier at vi er ekskluderte utan at dei har nokon som helst rett til det og med berre ein ting for auge: å skade desse fire fylka mest mogleg. Det er forkasteleg, heilt vanvitig, spør du meg, seier Bruseth.

Sentralstyret for Pensjonistpartiet som vart valt på landsmøtet i 2019 gjekk i oppløysing i 2020 som følgje av interne forhold i styret.

Bruseth og dei tre andre fylkeslaga skal ha fått råd frå advokat om å kalle inn til landsmøte i år likevel. Ifølgje Bruseth kunne det straffe partiet økonomisk dersom dei ikkje hadde eit landsmøte i år.

Aldri opplevd dette før

Professor ved Institutt for offentleg rett, Eivind Smith, synest situasjonen i Pensjonistpartiet er merkeleg.

– Eg tenkjer at det verkar underleg. Dei hadde ikkje årsmøte i 2020, og at dei då ikkje skal kunne halde eit årsmøte i 2021 er ganske underleg, og utan vidare ganske dårleg grunnlag, seier han.

Eivind Smith

UNDERLEG: Professor Eivind Smith seier situasjonen i Pensjonistpartiet er underleg.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Pensjonistpartiet er truleg det einaste partiet som ikkje har planlagt å halde landsmøte under covid-19.

– Ser framover

Sjølv om det ulmar i organisasjonen, seier John John Bruset at dei no er på god kurs framover, og har fått på plass nytt sentralstyre og organisasjonsutval i Pensjonistpartiet.

– Eg vart vald som leiar. Det er eit positivt, oppegåande og godt team. No køyrer vi på. No er det valkamp, også kjem Pensjonistpartiet til å bli eit stort, viktig, positivt parti i Noreg, seier han.

NRK har ikkje lykkast i å få kontakt med Kurt Johnny Hæggernæs, som dei seks andre fylkeslaga hevdar er leiar for Pensjonistpartiet i dag.