Hopp til innhold

Uvêrsnatt i Møre og Romsdal

Desember månad vart teken imot med full storm i Møre og Romsdal. Uvêret har ført til at fleire er utan straum og ferjesamband er innstilte.

Uver i Ålesund

SJÅ VIDEO: Ei vindfull veke vart avslutta med full storm i Møre og Romsdal. Søndag morgon var bårene framleis store i Ålesund.

Det var meldt at kraftige vindkast på 35 meter per sekund kunne kome som kuler innover land og slå ned i innlandet i helga.

Fleire fjellovergangar er stengde

Les også:

Full storm

Etter ei vindfull veke sendte Meteorologisk institutt igjen ut OBS-varsel for Møre og Romsdal.

Laurdag kveld byrja med sørvestleg liten storm, før det blåste opp til full storm seinare på kvelden.

– Det har heldigvis ikkje vore noko personskader som følgje av uvêret, men vi har hatt mange mindre hendingar, fortel Trygve Ødegård, som er operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Les også:

Innstilte ferjer

I Møre og Romsdal skaper den sterke vinden trøbbel for ferjene.

Rute 30 Solholmen - Mordalsvågen har vore innstilt grunna sterk vind. Uvêret har også gjort at Kvanne-Rykkjem har vore innstilt, men det sambandet vart opna igjen like før klokka 10.00.

Hurtigbåtane som går mellom Ålesund og Hareid og Ålesund og Nordøyane er innstilte inntil vidare på grunn av dårlege verforhold.

Og på grunn av sterk vind er sambandet Molde-Sekken innstilt.

Oppdatèr deg via NRK Trafikk.

Les også:

Uvêr i Møre og Romsdal

Natt til søndag bles det opp til full storm fleire stader i Møre og Romsdal.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Fleire utan straum

Uvêret natt til søndag har ført til at fleire har mist straumen.

Klokka 05.30 fekk politiet på Sunnmøre melding om at det brann i ein elektrisk stolpe i skogen i Skorgura i Ørsta.

Straumselskapet Tussa vart varsla og jobba med kabelavriving på staden for å få straumen tilbake.

– Det har vore ei travel natt, fortel Leif Inge Skare, som er driftsoperatør for Tussa Nett.

Les også:

Klokka 09.30 søndag har dei fleste fått att straumen, men mange vakna opp til mørke hus i morgontimane.

– Straumen har vendt tilbake dei fleste plassar no, fortel Skare.

I Ørsta er det framleis nokre abonnentar i Skorgeura som må klare seg utan straum til klokka 14.00 og det er også nokon som som ventar på at straumen skal kome tilbake på Kalvatn, når tre har vorte rydda bort frå straumlinja der.

I Volda var eit område på Folkestad utan straum natt til søndag og mellom Straumshamn og Høydalen fall eit tre ned på straumlinja og gjorde at fleire vart straumlause.

– Det har vore mykje vind denne veka og det skaper mykje jobb for oss i straumselskapa, seier Skare.

Tre i vegen

Fleire stader i fylket har vegar vorte sperra på grunn av at tre har blese ned og hamna i vegbanen.

23.30: Eit tre hamna i vegen i Surnadal.

00.30: Brannvesenet måtte rykke ut for å fjerne eit tre som låg i vegen på Innlandet i Kristiansund.

01.00: Ei straumleidning blåste ned og hamna i vegen i Tingvoll.

04.30: Eit tre sperra vegen på Rød i Eidsvåg.

04.55: Eit tre hamna over Fylkesveg 60 i Velledalen i Sykkylven.

05.00: Vegen i Bæverfjord vart sperra på grunn av eit tre.

05.20: Eit tre i vegen stengde eine køyrefgeltet på Glomset i Skodje.

07.25: Eit velta tre hamna inn i vegbanen mellom Vestre og Vaksvik i Ørskog.

07.50: Politiet fekk melding om eit tre som hadde velta og låg på tvers av vegen like ved kyrkja på Vatne i Haram.

08.04: Fylkesveg 296 i Faksvågen vart sperra av eit tre.

08.30: Julegrana på St. Olavs Plass i Ålesund sentrum har blåst over ende.