Hopp til innhold

Full stopp på Biowood

BioWood på Averøya tek pause for å løyse produksjonsproblem.

Video BIOWOOD-111010-MR-211002-SI_MR.mp4

Fire månader etter opninga, er det full stopp i produksjonen hjå Europas største fabrikk for fyringspellets, BioWood på Averøya. Årsaka er at dei tekniske løysingane ikkje maktar å produsere meir enn halvparten av det dei skal.

- Vi har bestemt å ta ein pause for å kome vidare med god kapasitet, fortel administrerande direktør i BioWood, Lars Frode Askheim

Produserer berre for halv maskin

For fire månader sidan opna miljøministeren BioWood, Europas største pelletsfabrikk.

Video Opning av Biowood pelletsfabrikk på Averøy

No klarer ikkje anlegget å produsere meir enn for halv maskin. Det gir ikkje nok inntening til at drifta vert så økonomisk stabil og sikker som selskapet ynskjer.

- Det viser seg at vi har ulike tekniske utfordringar, seier Askheim.

- Tekniske ting er mogleg å løyse, men det vil ta litt tid, og det vil koste pengar.

Pengar som nokon må punge ut for å få hjula i gang igjen. Selskapet er i si heilheit eigd av Hafslund, men rekninga for utbetringane kan verte sendt videre.

- Her vil det også vere ein diskusjon i forhold til dei leverandørane som har vore inne, slik at det nok ikkje vil vere eigarane eine og åleine som skal bere ein slik type kostnad.

- Har de ikkje fått det de har bede om?

- Eg ynskjer ikkje å spekulere i kva vi har fått og ikkje fått. Eg held alle moglegheiter opne for at vi skal ta ein god diskusjon både med leverandørar og eigarar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL