NRK Meny
Normal

Full pott for Karsten Warholm

Det vart full pott for Kasten Warholm frå Dimna i Ulsteinvik under dagens NM i friidrett.

Karsten Warholm

TO GULL: Karsten Warholm tok to gull under dagens senior-NM i Jessheim.

I dag var det igjen duka for NM i friidrett i Jessheim, og der stilte også talentet frå Ulsteinvik, Karsten Warholm.

Warholm var fredag klar for finale i både 110m hekk og på 400m under dagens senior-NM.

Delt fyrsteplass

Fyrst ut var 110 meter hekk, ei grein Warholm har gjort det bra på tidlegare. Også denne gongen var den unge løparen med i tet. Det var eit tett løp mot mål og ved mållinja var det vanskeleg å skilje kven som kom fyrst i mål av Warholm og Vladimir Vukicevic.

Det måtte målfoto til for å avgjere kven som kom fyrst i mål, og til slutt viste det seg at dei to hadde kome i mål samtidig, på tida 14.48. Dei to måtte difor dele fyrsteplassen og gullmedaljen.

Gull nummer to

Om lag ein time seinare var det klart for Warholm sitt andre løp. 400 m finale stod for tur. Warholm var klar favoritt etter beste tid i kvalifiseringa.

Også her gjorde ungguten frå Dimna reint bord. Han sprang inn til ein klar siger med tida 47, 03 og kunne med det ta imot sitt andre gull for dagen med tida 47,03.

Det var ein tydeleg nøgd Warholm som kom i mål etter 400m.

– Det her var gøy. Eg følte at eg hadde god kontroll og starten gjekk som den skulle. Beina var lette og då var det berre å køyre på, sa Warholm til NRKs reporter på staden Line Andersen.

– Eg merka at han nærma seg bak meg. Då var det berre å gi alt eg hadde, fortel han vidare.