Full og aggressiv

Seint i går kveld måtte politiet i Ålesund rykke ut etter at ein mann hadde vore i klammeri med ei dørvakt. Mannen skal ha vore full og sint og blei vist vekk frå sentrum av byen.

I Molde måtte politiet i natt ta seg av ein full og aggressiv person. Han blei til slutt tatt med inn til arresten.

Også i Volda måtte politiet ta hand om ein full og aggressiv person i sentrum av kommunen.