Hopp til innhold

Full mobilisering for utbetring av Romsdalen

Aktørane som vil ha ei total opprusting av E136 gjennom Romsdalen, samlar troppane til innspurt for å få strekninga med på Nasjonal transportplan til våren.

Lastebil på E136 gjennom Romsdalen

Vegen gjennom Romsdalen byr på mange utfordringar for trafikken. Snart skal politikarane avgjerde om han blir rusta opp for over to milliardar kroner.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi er veldig klar over at alle klutar må settast inn for å få Europavegen med på prioriteringane i NTP. Difor sender vi ein delegasjon til Oslo for å møte politikarane på Mørebenken og andre sentrale politikarar, seier Dagrunn Krakeli, distriktssjef i Lastebileigarforbundet i Møre og Romsdal.

Med til Oslo for å presse på slik at den til dels smale, svingete og bratte vegen gjennom Romsdalen får pengar til opprusting, har ho med ordførarar, organisasjonar og næringsliv som brenn for ein betre veg gjennom Romsdalen.

Dagrunn Krakeli

Dagrunn Krakeli i Lastebileigarforbundet har i årevis kjempa for ein betre vegstandard gjennom Romsdalen.

Foto: Gunnar Sandvik

Har god tru

2,2 milliardar kroner vil det koste å ruste opp dei 40 kilometerane mellom Stuguflåten og Horgheimseidet. Av dei 2000 køyretøya som kvart døgn køyrer gjennom dalen, er 500 vogntog.

Senterpartiordførar Jan Ove Tryggestad frå pizza-bygda Stranda er også leiar i Sunnmøre regionråd. Han meiner det stort sett er semje mellom politikarane i fylket om at Europavegen gjennom Romsdalen skal få høg prioritet i komande Nasjonal Transportplan.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad har stor tru på at Romsdalen kjem med på Nasjonal transportplan denne gongen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Både eg sjølv og andre lokalpolitikarar frå opposisjonen, jobbar kontinuerleg for å påverke der vi kan, seier Tryggestad.

Han viser til at vegen er viktig for å få varer ut til dei store marknadane.

– Det handlar om ein trygg veg, og det handlar om at vi skal vere konkurransedyktige. Då må vegane halde framtidas krav, seier han.

Øve påtrykk

Leiar for Mørebenken på Stortinget, Helge Orten (H), sit i samferdslekomiteen, og røper at han jobbar kontinuerleg med å få europavegen gjennom Romsdalen inn på NTP. Han ønskjer lokale aktørar med på laget for å øve påtrykk for å få strekninga inn på NTP.

Helge Orten- eit portrett

Helge Orten engasjerer seg sterkt for å få vegen gjennom Romsdalen prioritert i NTP.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det er svært viktig å vere på banen akkurat i desse dagar. Vi må vise fram våre prosjekt både overfor departementet og stortingspolitikrane, seier Orten.

Orten understrekar at Romsdalen ikkje skal fortrenge strekninga mellom Stormyra og Halsa på E39. Den er alt inne på Nasjonal transportplan

– Det er viktig å presse på slik at ein endeleg kjem i gang med utbetringa av strekninga på europavegen på Nordmøre. Ho er jo eit svært viktig bindeledd mellom Trøndelag og Møre og Romsdal, seier Orten.

Nasjonal Transportplan er landets viktigaste plan for store vegprosjekt som skal realiserast fram til 2029.

Trafikk-kaos i Romsdalen

Mang ein gong har det vore fullt kaos på den smale og svingete vegen gjennom Romsdalen.

Foto: MMS-foto: Hallstein Vemøy / NRK

– Eksportvegen gjennom Romsdalen er ein av våre viktigaste fjellovergangar, ikkje berre for oss i Møre og Romsdal, men på nasjonalt nivå. Eg trur statsråden har forstått at dette er ei svært viktig strekning for oss, seier Helge Orten.

Strandaordføraren trur med handa på hjartet, at denne gongen vil dei lukkast.

– Det er val til hausten og nokon må lever viss dei skal tilbake på Stortinget, seier Jan Ove Tryggestad.

NTP blir truleg lagt fram i månadsskiftet mars/april.