NRK Meny
Normal

Full krangel om helsekroner

Trønderane meiner at altfor mykje av pengane i Helse Midt-Noreg går til Møre og Romsdal.

Styremøte i Helse Midt-Noreg

Trønderbenken i styret i Helse Midt-Noreg reagerer på overforbruk i Møre og Romsdal.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Trønderbenken i Helse Midt-Noreg er frustrert over nye ekstraløyvingar til Møre og Romsdal i neste års budsjett.

Styret har vedteke å løyve 92 millionar kroner ekstra til Møre og Romsdal. 40 millionar kroner av desse er lån.

Skuldar på dårleg leiing i Helse Møre og Romsdal

Gunn Iversen Stokke, Sør-Trøndelag senterparti

Gunn Iversen Stokke frå trønderbenken i Helse Midt-Noreg reagerer på helsekronene som går til Møre og Romsdal.

Foto: Senterpartiet
John Harry Kvalshaug og Astrid Eidsvik

Styreleiar John Harry Kvalshaug og administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal får kritikk frå trønderbenken i Helse Midt-Noreg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Ottar Brage Guttelvik

Fylkesrådmann i Møre og Romsdal, Ottar Brage Guttelvik, tek avstand frå skuldingane til trønderbenken.

Foto: Trond Vestre / NRK

Styret i Helse Midt-Noreg er i hovudsak fornøgde med dei 17,5 milliardar kronene dei har å rutte med neste år, men manglande avne til å følgje budsjetta i Helse Møre og Romsdal skapte splid og hard debatt på styremøtet torsdag.

Etter fleire år med ekstraløyvingar reagerer trønderbenken i Helse Midt-Noreg sterkt på at helseføretaket i Møre og Romsdal får løyvingar på 52 millionar kroner.

Samstundes får Helse Møre og Romsdal bruke 40 millionar kroner på det som skal gå til forsking på dagleg drift.

Det reagerer styremedlem Gunn Iversen Stokke på.

– Eg forstår at Helse Møre og Romsdal har store økonomiske problem, men eg trur grunnen til det er for dårleg leiing og for dårleg planverk.

Og det vert trøndelagsfylka straffa for, meiner ho.

– Det er klart at når Møre og Romsdal får tilført meir, så får Nord-Trøndelag og St. Olavs hospital i Trondheim tilført mindre.

Les også:

– Slike ord tek eg avstand frå

Møre og Romsdal sine representantar oppfattar situasjonen heilt annleis.

– Det å bruke den type ord tek eg veldig avstand frå, seier fylkesrådmann i Møre og Romsdal, Ottar Brage Guttelvik.

Han deler slett ikkje trønderane sitt syn.

– Både styret og den administrative leiinga i Helse Møre og Romsdal er fullt oppegåande. Dei har full oversikt og gjer dei tiltaka dei kan innanfor dei ressursane dei har.

Les også: