NRK Meny
Normal

Her har dei eigen rullatorfestival

Farta var høg då Spjelkavik omsorgssenter i dag arrangerte Rullatorfestival til stor glede for dei frammøtte.

Rullatorfestival

RULLATORFESTIVAL: For fjerde året på rad arrangerte Spjelkakvik omsorgssenter Rullatorfestival.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– I dag er det rullatoren som er viktig. Det er den som er i høgsete, seier Kari Brautaset ved Spjelkavik omsorgssenter.

For fjerde året på rad, var det i dag duka for Rullatorfestival hjå Spjelkavik omsorgssenter.

Heia fram av publikum, utstyrt med rullator eller rullestol, var det lite som kunne stoppe deltakarane i det dei rulla seg gjennom løypa.

rullatorfestival

PUBLIKUM: Deltakerane blei heia fram av dei frammøtte, blant anna ein barnehage.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Om du ikkje brukar rullator til vanleg tek vi den med ut i dag og går ein tur, held ho fram.

Aktiv og sosial

Stemninga var god, og latteren sat laust under dagens arrangement i Spjelkavik. Arrangørane kunne by på ei variert løype, med fleire aktivitetar.

Deltakarane kunne prøve seg på quiz, kaste risposar på boks, kaste ringar, tut og drikk og songoppgåver.

rullatorfestival

KLEDD SEG UT: Både deltakarane og dei tilsette hadde pynta seg for anledninga. Frå venstre Anita Tennøy Brekke og Kari Brautaset.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Men det var det ikkje konkurransen som var i fokus under dagens arrangement.

– Det viktigaste er at alle kan vere med og delta. At dei kjem seg ut i frisk luft, samtidig som dei får mosjon, seier Brautaset.

Arrangementet prøvar å dekke fleire aktivitetar.

– Vi prøvar å gjere det til ein sosial aktivitet, der deltakarane kan testa seg fysisk i tillegg til at dei får trena hjernemuskelaturen sin, held ho fram.

Kollega Anita Tennøy Brekke var samd.

– Vi prøvar å gjere det kjekt for deltakarane. Det at du brukar rullator eller rullestol er inga hindring for fysisk aktivitet, og det er det vi prøvar å vise her i dag, seier Brekke.

Pynta både seg sjølv og rullatoren

Deltakarane kunne vinne premie for blant anna finast pynta rullator, finaste rullestol og beste antrekk. Fleire av deltakarane hadde pynta seg sjølv og transportmidla i håp om å vinne premiar.

Blant dei mange deltakarane var Bjørg Dmuchowski.

rullatorfestival

AAFK: Bjørg Dmuchowski hadde pynta seg sjølv å rullatoren i AAFK stil.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Dette er veldig morosamt.

Ho hadde valt eit lokalt design då ho pynta rullatoren. Eit kålhovud pynta med AAFK lue og sjef, blinklys og lommelykt pryda rullatoren.

I tillegg hadde ho utstyrt seg med appelsin og kvikklunsj, som niste på løypa.

Sjølv er Dmuchowski svaksynt. Ho tykkjer slike arrangement er viktige.

– Du kjem deg ut, samtidig som det er sosialt. Det er ikkje alltid så lett for oss som er handikappa å vere med på alt mogleg, så dette er veldig kjekt.