Hopp til innhold

Full jubel i Ulstein då Warholm sprang OL-finale

I Ulsteinvik var det full jubel på hotellet då idrettslag og sambygdingar samla seg for å følgje finalen på 400 meter hekk.

Heia heia: Stemninga var til å ta og føle på.

– Eg synest det var bra men vi håpte på gull, seier ein stolt farfar etter fredagens finale.

Erling Warholm var ein av mange som møtte opp for å følgje Warholm springe OL-finale. Sjølv om det blei sølv var det like god stemning i lokalet.

Dimma IL

Farmor og farfar: Kristine Warholm og Erling Warholm var på plass.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sølv på storskjerm

Trenar og sportsleg leiar i Dimna IL, Arve Hatløy, var tidleg ute og gjorde alt klart til finaleløpet på storskjerm.

Erling Warholm

Arve Hatløy trur Warholm ikkje er heilt fornøgd etter fredagens finale.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi var ikkje superoverraska over resultatet. Vi visste at han ville få konkurranse, seier Arve Hatløy til NRK.

Det blei eit tett løp men avstanden blei til slutt for stor mellom Warholm og gullvinnar Rai Benjamin frå USA.

– Han bomma på den niande hekken som gjorde at han fekk lengre avstand på slutten, seier Hatløy.

Førehandsfavoritten Rai Benjamin frå USA vann løpet med 46,46. Karsten Warholm sprang inn til OL-sølv med tida 47,06.

Sølv for Karsten Warholm

Det blei for stor luke mellom Warholm og Benjamin dei siste meterane før målstreken.

Foto: Phil Noble / Reuters

Bra oppmøte

Kjersti Kleven, leiar i Dimna IL, er stolt over det Karsten Warholm har prestert i finalen. Ho kan fortelje at det var eit bra oppmøte på hotellet.

– Det var rundt 150 til 200 menneske her i kveld. For Dimna er det inspirerande å ha Karsten Warholm som klubbkollega.

Kjersti Kleven

Kjersti Kleven merka at det har vore god rekruttering i idrettslaget på grunn av Warholm sine prestasjonar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Gull i Tokyo

Karsten Warholm har levert to kontrollerte løp på veg til fredagens OL-finale på 400 meter hekk. 28-åringen frå Dimna og Ulstein skuffa ingen då han skulle forsvare sitt OL-gull frå Tokyo.

Karsten Warholm

Karsten Warholm fekk sitt første OL-gull i 2021 og sette ny verdsrekord i Tokyo.

Foto: Heiko Junge / NTB