Hopp til innhold

Full innspurt for Tindesenteret

Fredag 13.mai nærmar seg fort, også på Åndalsnes. Då må alt vere ferdig til opninga av det nasjonale bygget til ære for norsk tindesport, Norsk Tindesenter.

Norsk Tindesenter Åndalnes

Norsk Tindesenter peikar høgt mot sky på Åndalsnes. Det 30 meter høge tårnet rommar klatrevegg, Resten av bygget har plass til museum, utstillingar, filmsal, restaurant, offentlege toalett og kontor. Tindesenteret er kledd med stålplater.

Foto: Sissel Brunstad

Arbeidsfolk hamrar og spikrar, drar fargerike ledingar metervis gjennom lokala og festar dei på rett stad, set på plass montrar og glasbur, kostar betongstøv frå golva og legg siste finpussen på stålrappa opp til andre etasje.

Frå kontordelen kimar telefonar i eitt sett. Det kokar i bygget, men ikkje snakk om at det kokar over i travle finaledagar.

– Ja, no er det verkeleg hektisk innspurt i heile huset. Vi er stort sett i rute, men litt forseinka med utstillingsdelen. Så vi er litt spente, men det skal gå bra, seier dagleg leiar Anita Vik Buckley.

Bygging av utsilling ved Norsk Tindesenter

Mange arbeidande hender er i sving for å få ferdig alt til opninga den 13. mai.

Foto: Anita Vik Buckley

Ho har oppsynet med det meste når signalbygget ved fjorden får siste finpussen.

Tre fjellikon får plass

Tindesenteret tek mål av seg til å bli det leiande kompetanse- og opplevingssenteret i Noreg, med fokus på bratt friluftsliv og norsk tindehistorie, og er det første i sitt slag her i landet og Europa.

Anita Vik Buckley

Anita Vik Buckley gler seg til opninga av Norsk Tindesenter, men har hektiske dagar no i innspurten til opninga.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi har sett tre norske fjellikon i sentrum. Nasjonalfjellet vårt, Stetind, vårt eige Romsdalshorn og Storen i Jotunheimen får alle sin velfortente plass i senteret, seier Anita Vik Buckley.

Tre grunnsteinar frå desse kjende fjella er henta til bygget for å markere framdrifta i prosjektet.

Steinen frå Romsdalshorn blei lagt ned først, så kom Storen-steinen og når Kronprins Haakon opnar senteret fredag 13. mai, legg han ned siste grunnsteinen henta frå Stetind, forklarer Vik Buckley.

Grunnsteinane skal plasserast under glas i golvet ved inngangspartiet.

Klatrevegg Norsk Tindesenter

Klatreveggen ved Tindesenteret er ein av dei høgaste i landet, heile 21 meter høg. Ein buldrevegg og klatrevegg for barn er også montert opp.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Klatrehistorie

På Åndalsnes får no bratt friluftsliv og norsk tindehistorie frå 1800-tallet til i dag sin plass.

Den lokale og kjende klatre-veteranen Arne Randers Heen som gjekk bort i 1991, får ein heilt spesiell plass i senteret.

– Utstillinga er bygd rundt den store samlinga av klaterutstyr, tindehistorie, bilete og bøker han hadde i sitt museum, Norsk Tindemuseum. 16 ulike installasjonar om norsk tindehistorie og utvikling av klatresporten skal på plass, seier Vik Buckley.

Modell av Stetind ved Norsk Tindesenter

Toppen av nasjonalfjellet til Noreg, Stetind, har fått ein eigen modell der besøkande kan traversere mot målet. I røynda har dette partiet ein 1000 meter stupbratt fjellvegg under seg.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er også lagt opp til mykje interaktivitet via skjermar, filmar og bilde om norsk fjellsport, klatring, basehopping og tindehistorie.

– Besøkande får også teste gamalt og nytt klatreutstyr, og prøve seg i klatre- og buldeveggane. Her blir kort sagt, noko for alle aldrar, lovar dagleg leiar.

I det ho må hive seg i innspurten til opninga, legg ho stolt til at det også blir restaurant og uteservering ved Tindesenteret.

Handtak til klatrevegg

Støypte håndtak ligg klare i kassevis for å bli monterte på klatre-og buldreveggane.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Reiselivet gler seg

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke er eit einaste stort smil over det som skjer i Åndalsnes sentrum.

Hilde Gråberg Bakke

Hilde Gråberg Bakke meiner Tindesenteret for svært stor verdi for reiselivet i Rauma og regionen rundt.

– Tindesenteret vil bety mykje for identiteten vår, stadfestar vår plass som tindehovudstaden i Noreg. Tusenvis av nysgjerrige tilreisande vil kome og oppleve dette, seier ho optimistisk.

No får alle ein ekstra grunn til å besøke Romsdalen og regionen rundt, meiner reiselivssjefen.

Prisen for det nye trekkplasteret på Åndalsnes, er 56 millionar kroner, og opnar for publikum 14.mai.