«Vroom, vroooom!». Hjula freser og gjørma sprutar når trial-køyrarane trykker inn gassen. Det er trialleir på Håhjem i Skodje, ein treningsleir for barn og unge som køyrer eller vil teste ut Trial.
– Det er gøy! Men eg har fått nokre skrubbsår, seier Ole Martin frå Ørskog.
Deltakarar frå 5 til 20 år
Ein som er sliten etter mykje køyring, men som morer seg veldig.
Foto: Jannicke Farstad / NRKTrial er ein motorsykkelidrett som går ut på å køyre i vanskelege terreng utan å sette føtene i bakken. Fart er ikkje så viktig, det handlar om å meistre køyring i terreng.
– Her køyrer dei i kupert terreng, over bereknausar, røter, stein og gjørme. Det er teknikk og klatring i terreng som er tingen, seier nestleiar i Skodje Trialklubb, Egil Fjellheim.
Treningsleiren blir held kvart år, anten i Skodje eller på Austlandet i samarbeid med KFUK-KFUM. I år har 76 køyrarar i alderen 5 år til 20 år teke turen til Skodje for å køyre Trial.
– Dette er ei kjempe oppleving både for store og små, seier Fjellheim.
Dei aller yngste på leiren er 5 år. Dei er ikkje redde for å bli gjørmete.
Foto: Jannicke Farstad / NRKLitt skrubbsår må til
Egil Fjellheim koser seg som leiar for treningsleiren. Han står alltid klar med trøyst og plaster.
Foto: Jannicke Farstad / NRKLeiren starta på laurdag, og i morgon er den ferdig. Dei unge trial-køyrarane har fått køyrt i mange timar kvar dag.
– Det er kjekt å køyre opp på berga, seier ein 9 år gammal gut som kjem susande.
– Har du skada deg noko, då?
– Eg stupte fram i ein stein, men det gjekk bra, seier guten.
Heldigvis har dei på seg hjelm når dei køyrer. Sjølv om det er mange born og unge som køyrer rundt på kryss og tvers, så er det veldig lite skader.
– Det blir ein og anna blåkul og skrubbsår, men ingen alvorlege skader. Dei køyrer fint og er flinke til å ta omsyn til andre, seier Fjellheim som av og til må fram med plaster og litt trøyst.
Trialkøyrarane suser rundt på steinete terreng, men med hjelm og godt utstyr, er det heldigvis ingen som skader seg.
Foto: Jannicke Farstad / NRK