Hopp til innhold

Klarte å sløkke brann i trafostasjon

Etter mange timar med planlegging klarte brannvesenet å sløkke brannen i ein trafostasjon i Sunndal seint onsdag kveld. Det var ein kjøletank med 75–85 tonn olje som sto i full fyr store delar av kvelden.

Brann Sunndal

SVART RØYK: Det brenn kraftig i trafostasjonen.

Foto: Ingrid Ellevset

Brannvesenet brukte lang tid på å førebu seg på å sløkke brannen. Det er veldig farleg å bruke vatn på brennande olje. I mange timar velta det svart røyk og meterhøge flammar ut frå kraftverket, men då brannen blei litt mindre intensiv, gjekk dei inn med skum.

Dei klarte å sløkke brannen klokka 22.30. Då hadde det vore brann sidan klokka 19.

Laster Twitter-innhold

– Det er vanskeleg å vite kor lang tid det vil ta, men dei hadde ein tilsvarande brann i 2016. Då brann det i ni timar, sa vaktleiar ved 110-sentralen i Møre og Romsdal Nils Bjerknes like før brannvesenet gjekk inn.

Fleire tankar i området

Det er fleire kraftstasjonar og tankar i området der det brann, men ifølge 110-sentralen var det ikkje fare for at brannen skal spreie seg.

Lokalavisa Driva skreiv at folk høyrde ein liten eksplosjon i området.

Både ambulanse, politi og mannskap frå Hydro Aluminium var på staden for å hjelpe til.

Brann Sunndal trafo olje

Flammane stig fleire meter til vers, og folk ser røyken på lang avstand.

Foto: Linda Samuelsen / NRK

Politiet sa tidleg onsdag kveld at dei hadde kontroll på området, men ikkje på brannen.

– Området er inngjerda, og det er bom på vegen opp dit. Det er politi, helsepersonell og brannfolk på staden, og det blir sjølvsagt gjort faglege vurderingar av tryggleiken deira, sa operasjonsleiar Roar Fylling i Møre og Romsdal politidistrikt.

Det var vindstille på staden, og at røyken gjekk rett opp, så det var ikkje snakk om å evakuere folk i området.

Brann i trafo Sunndal

Brannmannskap, ambulanse og politi er på staden.

Foto: Ingrid Ellevset

– Heftige lynnedslag

Det er Statnett som eig kraftstasjonen, og dei opplyser at det ikkje var personar i nærleiken då det tok til å brenne.

– Mannskap frå Statnett og brannvesenet var raskt på staden. Vi veit ikkje noko om årsaka, men det var heftige lynnedslag der i dei tider det starta å brenne, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson.

Dei einaste som mista straumen, var Hydro på Sunndalsøra. Den var delvis vekk i vel ein time.