NRK Meny
Normal

Full forvirring på Furneset

Den elektroniske infotavla på Furneset skapte forvirring for mange reisande etter at ferjesambandet mellom Vestnes og Molde blei innstilt laurdag kveld.

Skilt Vestnes

Den elektroniske infotavla på Vestnes skapte forvirring for mange reisande etter at ferjesambandet blei innstilt laurdag kveld.

Foto: Tore Ellingseter / nrk

Det var like før klokka 20.00 at Fjord1 melde at ferjesambandet mellom Molde og Vestnes var innstilt på grunn av dårleg vêr.

Ferja som gjekk frå Molde 18:45 hadde store problem med å legge til på Furneset, og blei liggande på tvers framfor ferjekaia. Ferja fekk til slutt frakta passasjerane i land før den returnerte mot Molde.

Forvirring på ferjekaia

På ferjekaia på Furneset stod det igjen om lag 25 bilar. Nokre køyrde derifrå, medan andre stod att. Blant dei attståande bilane var det stor forvirring om ferja var innstilt eller om den netse avgangen skulle gå som normalt.

Vestnes ferjekai

Charlottelund handballag var på veg til Molde då ferja blei innstilt.

Foto: Tore Ellingseter / nrk

På den elektroniske infotavla på ferjekaia stod det nemleg at neste avgang var 21.10 og deretter 22.30.

Petter Lønnum, Jarle Bygd og Roger Wilmann var blant dei attståande på ferjekaia. Dei leiar jentelaget til Charlottenlund handballklubb i Trondheim, og var på veg til Molde etter ein kamp i Langevågen.

– Vi skal spele kamp i Molde i morgon, men no veit vi ikkje kva vi skal gjere. Det er ganske forvirrande når det ikkje går tydeleg fram om ferja er innstilt eller ikkje, og eventuelt kor lenge det er snakk om, seier Lønnum.

I køen var det fleire som prøvde å orientere seg om situasjonen på nettsidene til ferjeselskapet eller hos ulike lokale medier.

– Det er ikkje så lett for nye bilar i ferjekøen å vite at ferja er innstilt når det ikkje viser på infortavla, seier Bygd.

Beklageleg

Konrad Lillevevang i samferdselsavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune, seier det er beklageleg at dei elektroniske skilta ikkje vart oppdatert då ferjesambandet vart innstilt.

ferjekaia vestnes

Det stod att mange bilar på ferjekaia på Furneset.

Foto: Tore Ellingseter / nrk

Han fortel at det i utgangspunktet er mannskapet på ferja som i utgangspunktet skal oppdatere skilta, men at kundesenteret skal gjere det dersom mannskapet har det for travelt.

– Ferjennstillinga blei registrert av ferjemannskapet, men på grunn av ein teknisk feil som følgje av uvêret viste ikkje dette på infotavla, seier Lillevevang.

Like etter klokka 22.00 kunne han bekrefte at det no hadde blitt retta opp skiltinga på den elektroniske tavla på Vestnes.

– Vi har mista kontakta med skiltet i Molde på grunn av uvêr, så der tek det litt lenger tid å rette feilen, men vi håpar å få orden på dette så snart som råd. Det er viktig at det som står på skiltet er rett seier Lillevevang.