Hopp til innhold

Full forvirring om elbil-parkering

Mange elbileigarar er forvirra og usikre på om dei skal betale eller ikkje for å parkere på offentlege parkeringsplassar.

Petter Haugneland, kommunikasjonsleder, Norsk elbilforening

Petter Haugneland, kommunikasjonsleiar i Norsk elbilforening, seier mange eigarar av elbilar ikkje veit om dei kan parkere gratis eller ikkje.

Foto: Aksel Jermstad / Norsk elbilforening

Rundt 30 kommunar i landet har så langt gått bort frå at elbilar kan parkere gratis. Tre av desse er i vårt fylke; Kristiansund, Molde og Ålesund.

No klør mange eigarar av denne typen bilar seg i hovudet.

– Det har vorte som vi frykta. Der er ein del uvisse ute og går, og medlemmer lurer på kva som gjeld. Vi får også mange tips om ulik praksis frå kommune til kommune, seier Petter Haugneland i Elbilforeininga.

Dette skaper eit vakum om kva som er gjeldande reglar, og korleis kvar enkelt skal forhalde seg til dei nye reglane, meiner interesseorganisasjonen for elbilistar.

Sjå gjennom fingrane

Fleire kommunale parkeringsselskap seier at så lenge det ikkje står skilta at det er fritak for parkeringsavgift , så må dei ta ta det for gitt at dei skal betale.

– Ja, og det er jo korrekt juridisk sett, men viss kommunane ønskjer å vere sørvisinnstilte overfor innbyggarane sine, bør dei også informere så godt som mogleg, seier Haugneland.

Han oppmodar kommunane og parkeringsselskapa deira om å ikkje å vere firkanta.

– Dei bør gjerne sjå mellom fingrane med regelverket i ein overgangsfase, sidan dette er så nytt og det er mykje uvisse ute og går, seier Haugneland.

Budsjettforliket forvirrar

Det som skaper mest forvirring for eigarar av null-utsleppsbilar, er at Stortinget like før jul bestemte at det på årets budsjett skal innførast nye nasjonale retningsliner for kor mykje denne typen bilar skal måtte betale på fleire samferdsleområde.

Helge Orten

Stortingsrepresentant Helge Orten frå Misund sit i samferdslekomiteen for Høgre.

Foto: Roar Halten / NRK

Budsjettforliket inneber at elbilar og hydrogenbilar ikkje skal betale meir enn maksimalt 50 prosent av taksten for fossildrivne bilar. Det gjeld både bompengar, ferje og parkering.

– Dette skapar ein del utfordingar. Men no byrjar samferdsledepartementet arbeidet med å greie ut konskevensane av budsjettforliket, og så melder dei tilbake til Stortinget så snart dei klarer, seier stortingsrepresentant Helge Orten ( H) som også sit i samferdslekomiteen.

Elbilforeininga på si side fryktar det tar lang tid før dei nasjonale retningslinene kjem poå plass.

Omgjering av parkeringsvedtak

– Vi har jo etterlyst fortgang i det arbeidet slik at retningslinene blir innført så raskt som mogleg. Då kan vi igjen få ein forutsigbar praksis og politikk for å få endå fleire til å velje nullutsleppsbilar, seier Haugenland.

Ordninga med at kommunane sjølve får bestemme om det framleis skal vere gratis-parkering for elbilar eller ikkje, blei innført frå nyttår.

Bortsett frå Kristiansund som har fritak for parkeringsavgift på Gassverktomta, like ved sentrum, må el-bileigarane i dei tre byane betale det same som alle andre for å parkere på kommunale parkeringsplassar. Det vil seie full takst.

– Når dei nye retningslinene kjem på plass, må kommunar som krev full betaling for el-bilar og hydrogenbilar, endre praksisen dei innførte frå nyttår, meiner Petter Haugneland i Elbilforeininga.