NRK Meny

Full fart i 60-sona

Ein 30 år gamal mann busett på Sunnmøre er dømd til fengsel i 14 dagar etter å ha køyrt i 117 km/t i ei 60-sone på Dovre i mai. Mannen er i ferd med å starte ei bedrift der han treng bil, men retten meiner omsynet til trafikktryggleiken må kome i første rekke. I tillegg til fengselsstraffa mistar han førarkortet i halvanna år, og må avlegge ny førarprøve.