Hopp til innhold

– Gasslekkasjen kunne fått store konsekvensar

Brannvesenet hadde full beredskap under evakueringa i Ålesund onsdag. – Gasslekkasjar har vi all respekt for, seier brannsjefen.

Ambulanse og brannvesen står klar utanfor sperringane på Skateflukaia

Skateflukaia var sperra av onsdag på grunn av eksplosjonsfaren. Dette er i eit av dei mest trafikkerte områda i byen, og det ligg mange butikkar og kontor i nærleiken.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Eit skjærebrennersett med to gassflasker hamna i sjøen ved Skateflukaia i Ålesund onsdag føremiddag. Flaskene inneheldt acetylen og oksygen, og blanda med luft blir gassen svært eksplosiv. Brannvesenet hadde ikkje kontroll på lekkasjen i starten – men fekk tetta dei etter kvart.

Vakthavande brannsjef i Ålesund brannvesen, Øyvind Seth

Øyvind Seth er glad for at det gjekk bra til slutt. Konsekvensane kunne vore store.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ålesund Brannvesen sette i gong ein omfattande aksjon og evakuerte alle bygg i ein radius av 300 meter saman med politiet. Vakthavande brannsjef i Ålesund brannvesen, Øyvind Seth, seier at arbeidsuhellet kunne fått store konsekvensar.

– Vi må ta høgde for at det er eit worst case scenario. Men det var ikkje spesielt dramatisk sett frå brannvesenet si side. Lekkasjen av acetylen var reell, og gasslekkasjar har vi all respekt for, seier Seth.

Kjemisk reaksjon i flaska

Han fortel at når ein jobbar med gassar og eksplosjonsfare så har ein berre ein sjanse. Då gjeld det å vere på den sikre sida. Acetylen blir i dag stort sett brukt til sveising og skjering av stål. Viss ei slik flaske får seg eit kakk kan gassen reagere med å danne varme på innsida.

– Løysinga er nedkjøling og deretter flytte flaskene til ein sikker plass. Vi hadde heile tida kontakt med ekspertar som hjelpte oss med korleis vi skulle behandle flaskene, seier Seth.

Etter kvart blei gasslekkasjen tetta og flaskene blei tatt ut på djupare vatn for avkjøling. Temperaturen blei også målt med jamne mellomrom.

Brukte erfaringar frå Fjelltun-ulukka

Under Fjelltun-ulukka stod ein propantank i fare for å eksplodere. Brannsjefen fortel at dei fekk bruk for mykje av det dei lærte då. Forskjellen på propan og acetylen er tyngda. Acetylen er lett, og vil stige, medan propan vil legge seg i rør og i bakken.

– Dei erfaringane vi gjorde oss då brukte vi i dag. Faren var mindre no enn då, og heldigvis hadde vi vindretninga med oss også. Men ei gassulykke i tettbygd strøk er ikkje gunstig, og difor hadde vi full beredskap frå første stund, seier han.

Slike gassflasker kan ein finne på svært mange arbeidsplassar – spesielt i verkstad- og verftsnæringa. Seth seier at desse flaskene ikkje er farlege viss dei blir behandla på rett måte.

Blir ikkje destruert

Flaskene er no gitt tilbake til eigaren. Ekspertar har i samråd med brannvesenet undersøkt flaskene, og har bestemt at dei ikkje skal destruerast likevel.

– Flaskene er tette, så det er ikkje nokon fare for at dei vil eksplodere lenger. Det var tenkt at politiet kunne bruke desse til øving for eventuelle hendingar i framtida, men det blir heller ikkje gjort, seier brannsjefen.

Sette inn kriseleiing

Stabsjef i politiet, Ingmar Farstad

Stabssjef i politiet, Ingmar Farstad, fortel at dei var rakt ute med å få politiet ut i gatene.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Stabssjef i politiet, Ingmar Farstad, seier at det første dei gjorde var å setje inn kriseleiing. Det gjekk under ein halv time frå dei fekk inn meldinga til at evakueringa var gjennomført.

– Vi fekk alt tilgjengeleg politi ut i gatene med det same, både uniformerte og sivile. Deretter begynte vi evakueringa, seier Farstad.

Politiet vurderte å bruke sms-varsling for å i gang evakueringa. Det brukte dei ikkje i dag, men Ålesund kommune låner gjerne ut den tenesta. Politiet evakuerte området ved å banke på dører i staden.

– Folk reagerte veldig bra, og var veldig flinke til å høyre etter. Det gjekk rett og slett smertefritt, fortel han.