– Eg var i Fredrikstad seinast no i haust, på reunion frå det siste laget eg spelte på der nede.
Det er svært mange år sidan Jan Fuglset spelte i Fredrikstad. Likevel er banda til klubben sterke.
Fuglset starta toppkarrieren i Molde i 1963, før han i 1967 drog til Fredrikstad. I 1973 kom han tilbake til Molde.
Han var ein av landets største målscorarar, med ei fantastisk karriere i begge klubbane. No er det ikkje utelukkande enkelt for den 67 år gamle moldensaren.
For hjartet er i begge byar, og Fredrikstad må slå Molde for å ha sjanse til å berge plassen.
– Må tenke på omdømme
Molde sikra seriegullet allereie førre helg, noko Fuglset er svært fornøgd med.
– Eg var veldig glad for at Molde blei meister i førre runde, og at dei ikkje måtte reise til Fredrikstad for å sikre gullet, seier Fuglset.
No fryktar derimot dei andre i nedrykkskampen, Sogndal, Sandnes Ulf og Hønefoss eit lite kamplystent Molde.
– No må han Ole Gunnar sjølvsagt tenkje på omdømmet til klubben. Han må tenkje på dei andre laga som kjempar om å overleve i Eliteserien.
– Sånn sett har klubben ein forplikting til å stille med sitt beste lag, meiner Fuglset.
Kan slå begge vegar
I førre serierunde slo Fredrikstad Rosenborg på bortebane. Likevel må dei slå Molde på heimebane for å ha ei moglegheit til å halde plassen.
– Kampen kan slå begge vegar. Eg håper FFK vinn og klarer seg, samtidig som eg håper Molde stiller med sitt beste lag. Vinn Fredrikstad då, så fortener dei å vere i Eliteserien.
For han håper på raud og kvit siger i siste serierunde. Då han sjølv var i Fredrikstad var klubben på topp.
– Eg kom dit som totalt ukjent, men gjorde det ganske bra.
– Det var jo Fredrikstad som var laget den gangen i Noreg. Det var «Aristokratane». Tida sit framleis i, fortel Fuglset.
No er altså Molde det leiiande laget i Noreg. Fredrisktad kjempar for det vidare livet på øvste nivå.