Hopp til innhold

Tør ikkje bruke inngangsdøra på grunn av hekkande fuglepar

Eli Lindvåg i Surnadal har sperra av inngangsdøra si, for midt i pyntekransen som heng på døra bur eit fuglepar med fem ungar.

Eli Lindvåg ved reiret i døra

I pyntekransen midt på inngangsdøra hekkar eit buskskvett-par.

Foto: Roar Halten / NRK

Både fuglefamilien, av arten buskskvett, og huseigaren har blitt lokalkjendisar etter at avisa Driva skreiv om dei.

Fuglereir i dør

«Vi går om kjelleren». Ytterdøra til Eli Lindvåg i Surnadal er ikkje i bruk for tida.

Foto: Roar Halten / NRK

Ved den stengde døra heng det skilt: «Forsiktig! Fuglen hekker» og «Vi går om kjelleren». Framfor døra har Eli Lindvåg plassert blomsterkrukker – for sikkerheits skuld – så ingen skal buse fram til døra av vanvare.

– Hadde bestemt seg

Lindvåg oppdaga at fugleparet hadde byggeplanar i pyntekransen eit par veker før pinse. Først reiv ho vekk den spede starten på eit reir etter kvart, men kvar gong hadde bygginga starta på nytt neste dag. Til slutt gav ho etter.

– Ho hadde bestemt seg, og då syntest vi det var litt artig også, seier ho med eit smil.

Fuglereir på utgangsdør

Pyntekransen på døra blei eit godt fundament for reiret.

Foto: Roar Halten / NRK

Dermed var byggeløyvet gitt. Ein morgon ei lita veke før pinse låg det plutseleg eit egg der og i løpet av pinsehelga kunne buskskvett-paret starte ruginga på fem egg.

Naboen har katt ...

No er fugleungane klekte og mor og far flyg til og frå med mat til dei små. Kor lenge dei blir buande på døra før ungane flyg, er usikkert, men ifølgje fuglebøker og informasjon på nettet skal det gå rundt 14 dagar før dei forlèt reiret. Men då er ungane ikkje flygedyktige.

– Så korleis det blir når dei hamnar ned på denne trappa her er vi usikre på, vedgår Lindvåg.

I nabohuset bur det nemleg ein katt som rett nok heiter noko så snilt som «Emma». Likevel fryktar vi at ho er klar for eit gourmetmåltid eller fem.

– Vi kan ikkje binde katten fast og ikkje kan vi passe dette dag og natt heller, så vi får no sjå, seier Lindvåg som likevel har ein plan.

Eli Lindvåg sjekkar fuglereiret

Eli Lindvåg sjekkar at fuglane har det bra.

Foto: Roar Halten / NRK

Det er truleg at fugleungane kjem ut av reiret i løpet av helga. Då har Lindvåg tenkt å prøve å legge nokre greiner oppå trappa.

– Då blir det litt vegetasjon så vi kanskje kamuflerer dei litt?

Vel, vi er skeptiske, men kryssar fingrane.

Droppar pynten

Eli Lindvåg gler seg uansett til å få tilbake inngangsdøra si.

– Neste år trur eg vi tek vekk pyntekransen på døra. Fuglane passar betre oppi skogen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL