Ski-VM frå spesialkamera

Multimediaselskapet Fuglefjellet er tatt ut til ski-VM i Oslo i februar. Men i staden for ski og stavar, stiller dei med ei kule på 38 kilo montert under helikopteret.

Video b3742538-a14a-4c6f-ad78-c6d849e086d8.jpg
Videokamera under helikopteret

Kameraet i kula er stabilisert med fem gyroar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ålesunds-firmaet var med under prøve-VM tidlegare i år for å gjere seg kjent med området. No er det trening over Å lesund, og det er nettopp det som har skaffa Fuglefjellet VM-jobben.

Arbeidsprøvene er etter kvart mange. Fuglefjellet har hatt kamerakula i to år, og har fått sitt største prosjekt med ski-VM.

Leif Holand

Leif Holand ved redigeringsutstyret.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Dette er svært viktig for prestisjen vår. Med eit Ski-VM på CV-en får du tillit - og det er det vi lever av i filmbransen, seier aerial manager i Fuglefjellet, Leif Holand.

Teknologien er den same som vart brukt under Vancouver-OL tidlegare i år. Og med millionar av sjåarar blir området rundt stadion like viktig for Noreg.

- Det som er spesielt med VM i Oslo er at løypene ligg så nært byområdet at vi kan koble bilda med kvarandre, seier Holand.

Siste video/lyd

Kristiansund får no sin første matbutikk for lokal mat - sentralt plassert midt i byen.
Trøndelagsfylka ønskjer nordmøringane velkomen til det nye storfylket sitt.
Men fylkestoppane i Nord- og Sør-Trøndelag seier at Nordmøre kjem seint inn i prosessen, og at trønderane har lite å tilby.
For to veker sidan fekk 42-år gamle Kathrin Kobbevik vite at ho har uhelbredeleg lungekreft. No kjempar trebarnsmora for at lungekreftpasientar skal få ta ibruk ei ny type behandling. Men behandlinga er svært kostbar, og mandag avgjer styresmakene om sjukehusa skal tilby den nye medisinen.