Hopp til innhold

– Den mest groteske fotoshooten eg har hatt

Eit spøkelsesgarn med ein død skarv var synet som møtte dykkarane under vrakdykking på sunnmørskysten i helga.

Dykkar Ronal Tønnesen ved skarv i spøkelsesgarn.

DØD SKARV: Dykkar Ronal Tønnesen ved spøkelsesgarnet.

Foto: Kim Andre Sund

– Det er ikkje første gongen eg ser garn har festa seg til vrak, men det er første gongen eg ser død fugl i garnet. Det er den mest groteske fotoshooten eg har hatt, seier Kim André Sund som er erfaren dykkar og undervassfotograf.

Trist syn

Sund var ute saman med Ålesund dykkarklubb då dei oppdaga garnet søndag. Vraket dei dykka på heiter «Øygard». Det var Sula dykkarklubb som fekk løyve til å ribbe og seinke båten på 80-talet for å bruke den til vrakdykking.

– Vraket er merka av på alle kart, så det er veldig unødvendig å sette garn her, seier han.

Skarv i spøkelsesgarn.

Skarven drukna då han sette seg fast i garnet.

Foto: Kim Andre Sund / Kim Andre Sund

Det var eit trist syn som møtte dykkarane nede ved vraket. Garnet står og fiskar fisk og krabbe, og skarven hadde drukna i forsøket på å skaffe seg mat.

– Garnet er aktivt, og det fiskar enno. Og med fisken som står i, vil det kome meir fisk, krabbe og fuglar. Vi har tatt kontakt med Fiskeridirektoratet, og saman med dei kjem vi til å sørge for at det blir fjerna snarast, seier han.

Fiskeridirektoratet har utvikla ein app der folk kan registrere teiner og garn dei mister, men Kim André Sund kunne ikkje sjå at garnet var registrert der.

Dykkar Ronal Tønnesen ved vraket av «Øygard» og fisk i spøkelsesgarn.

Ronal Tønnesen og garnet som er fullt av fisk og krabbe.

Foto: Kim Andre Sund

Vil ta tak i saka

Ina Giske som er styreleiar i organisasjonen Plastfritt Hav, seier dei vil ta tak i saka.

Ina Giske, plastfritt hav

Ina Giske i Plastfritt Hav

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ho håper den døde skarven i spøkelsesgarnet kan få folk til å forstå at marin forsøpling ikkje berre er eit problem i andre land.

Det er kjempetrist, frustrerande og fortvilande seier ho. Folk trur at dette er noko som berre skjer i Asia, men det skjer rett utanfor stovedøra vår. Vi må få det opp av havet, seier ho.

Vraket av «Øygard»

«Øygard»​​​​​​​ vart seinka for å bruke til vrakdykking.

Foto: Kim Andre Sund

Kim André Sund seier han heldigvis ikkje ser spøkelsesgarn så ofte, men han ser ofte teiner og anna plastsøppel på havbotnen.

– Det er nok verre i andre land, men vi er ikkje uskuldige her i landet heller. Det er veldig mykje gammal moro på havbotnen, og det ser ut som det blir synda framleis, seier han.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL