Hopp til innhold

Fryktar vegen rasar ut

Riksveg 70 blir stengt mellom Sunndalsøra og Oppdal frå måndag formiddag og i fire døgn. Årsaka er fare for at vegen ved Fale bru kan skli ut og rase ut i elva, og difor blir det sett i gang sikringstiltak. All trafikk, også storbilar og bussar, blir omdirigert til Hoåsvegen, fylkesveg 313. Sidan denne vegen er smal og stadvis bratt blir det sendt trafikk berre i ei retning om gongen, og difor må ein rekne med inntil tre kvarter venting.