Hopp til innhold

Fryktar utsetjing av Ålesund fengsel

Fleire politikarar fryktar at planane om eit nytt fengsel i Ålesund kan bli kraftig forseinka. Før jul la regjeringa fram utviklingsplanen for Kriminalomsorga, og der er fengselet i Ålesund ikkje nemnt.

Ålesund fengsel

Fengselsbygget i Ålesund er gamalt og lite. Det har vore jobba i fleire år for å få på plass eit nytt bygg.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal meiner det er eit tydeleg signal frå regjeringa når fengselet ikkje er tatt med i utviklingsplanen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Når fengselet i Ålesund ikkje er på denne oversikta, betyr det at den ikkje er prioritert. Det seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal.

Han viser til at utviklingsplanen frå regjeringa inneheld ei lang liste av prosjekt som skal byggast eller oppgraderast dei neste åra.

– Vi treng eit nytt og moderne soningssenter i Ålesundsregionen. Og dersom vi ikkje får på plass pengar til planlegging og prosjektering, så blir det ikkje bygd eit fengsel på svært mange år, seier han.

Har bede justisministeren om forklaring

Bjørdal har bede justisministeren forklare kvifor Ålesund ikkje er nemnt i planen. I svaret skriv statsråden at dei må prioritere dei delane av landet som har størst behov for utbygging og der utbygginga kan skje raskt.

Departementet seier elles at dei ønskjer å prioritere dei eksisterande fengsla som kan byggast ut, og Ålesund er ikkje blant desse.

– Det er ein omfattande prosess å bygge eit nytt fengsel, så eg forstår argumentet. Men det er ikkje dermed mindre viktig å få dette på plass.

Han håper regjeringspartia no vil snu.

– Eg håper representantane for regjeringspartia, som har sove i timen, no vil svinge seg for å få nytt fengsel i Ålesund inn igjen på lista.

Ser behovet i Ålesund

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad forsvarar regjerings sine prioriteringar.

Foto: Terje Reite

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Oskar Grimstad, er ikkje usamd i behovet for eit nytt fengsel. Han forsvarar likevel regjeringa sine prioriteringar.

– No må vi få på plass dei raskaste løysingane og opne dei fengsla som ligg kort fram i tid. Deretter vil vi sjå på dei andre prosjekta, seier han.

Han vil jobbe for at Ålesund fengsel skal bli eit prioritert bygg, og er samd i at dagens bygg ikkje er godt nok.

– Dagens fengselsbygg i Ålesund sentrum er svært gamalt og det er både dyrt å drive og lite tenleg. Så vi ønskjer å synleggjere at det er behov for eit nytt fengsel, seier Grimstad.