Hopp til innhold

Går det mot slutten for denne sunnmørsbygda?

Stranda kommune kan bli tvungen til å flytte offentlege institusjonar og bedrifter ut av Hellesylt. Lokalbefolkninga og ordføraren er urolege for framtida til bygda.

Hellesylt og Hellesyltfossen sett frå Åsenakken

Dei er reist motsegn mot reguleringsplanen for Hellesylt sentrum. Ordføraren fryktar no utflagging.

Foto: Per Svein Hole

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Norges vassdrags- og energidirektorat har reist motsegn mot reguleringsplanen for Hellesylt sentrum, fordi området er i faresonen for ei eventuell flodbølgje.

– Dette er starten på ei utflagging frå Hellesylt. Det er reist motsegn mot sju til åtte punkt i planen, og dei er et vere eller ikkje vere for Hellesylt, seier ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad er overraska over motsegnene.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Fleire motsegn

På laurdag skreiv avisa Sunnmøringen at NVE og Fylkesmannen begge har motsegn mot reguleringsplanen. I konklusjonen frå Fylkesmannen er motsegnene knytt til kritiske til mangal på dokumentasjon. «Å kunne vidareføre skule og omsorgssenter innanfor fareområdet må dokumenterast. » står det i konklusjonen.

NVE har blant anna motsegn mot at reguleringsplanen opnar for fleire institusjonsplassar ved Sykkylven omsorgssenter, bygging av nye hotell, og ei stor utbygging av bedrifta Ole Ringdal AS.

Øydelegg glød og innsatslyst

Ordførar Jan Ove Tryggestad seier dei i fleire år har prøvd å skape sikkerheit på Hellesylt. Han meiner etableringa av Tafjordsenteret gjorde at mange trudde dei var inne i ein ny fase

– Hellesylt har hatt et byggeforbod i snart 10 år, der en ikkje har fått gjort noko verdas ting. Berre det øydelegg glød og innsatslyst. Så når det no kjem motsegn var svært overraskenede, og vi er no tilbake til start, seier Tryggestad.

Jan Ove Tryggestad reagerer spesielt på NVE sine motsegn der ham meiner en rekke av dei mest grunnleggjande behovene blir varslet flytta ut av planen. Ordføraren har no sendt brev til Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Der har Tryggestad bedt om et snarleg møte for å få vite korleis en skal forholde seg til situasjonen, og kva en skal gjere.

Kan like gjerne byggje en anna plass


– Alle eg har snakka med på Hellesylt er lamslått. Alle med minimum erfaring veit at dersom du tar vekk grunnleggjande tenester frå et lite samfunn så endrar du strukturane over natta, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

Fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal meiner dette likevel dette ikkje er kroken på døra for Hellesylt. Han seier deires motsegn ikkje går på mangel på dokumentasjon i eit område som er utsett for flodbølgje.

KETIL MATVIK FOLDAL

Fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal vil ha meir dokumentasjon.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

– Vi saknar ei vurdering om skule og omsorgssenter bør vere på Hellesylt i framtida. Sjølv om vi antyda at ei flytting på sikt kan vere ei løysing, betyr ikkje det at det er noko som må skje no. Det handlar om at neste gang en investerer i å byggje ut, at en tenker seg grundig om en like gjerne kan gjere det en anna plass. Om det vil ha alvorlege konsekvensar for Hellesylt, er nettopp eit av utredingskravene vi meiner ikkje er belyst i reguleringsplanen, seier Foldal.

Folk er usikre på jobbane sine

NVE seier dei vil ha en god dialog med Stranda, og trur det vil bli en god plan for Hellesylt. Senioringeniør Toralf Otnes i region Vest NVE seier på trass motsegnene, vil ikkje Hellesylt bli et samfunn med mindre vekst:

– NVE meiner det ikkje er grunnlag for å seie det. NVE er stort sett positiv til planen, men det er nokon få punkt vi meiner ikkje er gjort greie for, seier Otnes.

Utbygging av Bedrifta Ole Ringdal AS i Hellesylt er noko som blir nemnt i planen. Dagleg leiar Ole Ringdal seier dei ikkje har moglegheit til å drive utbygging andre stader enn på Hellesylt.

– Dette er svært urovekkjande og det uroer oss. Slike beskjeder gjer at en ser mørkt på framtida og folk blir usikre på jobbane sine, seier Ole Ringdal.

Ole Ringdal

Ole Ringdal er uroleg for bedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Vil ta fleire år å få godkjent planen

– Dersom vi ikkje kan utvikle oss som bedrift så svekker det konkurransesituasjonen på sikt, seier Ringdal.

– Korleis vil det vere for bedrifta Ole Ringdal å utvide bedrifta et anna stad?

– Vi har et anlegg i sentrum og her må vi fortsette å utvikle oss. Å bygge en slik bedrift kostar ufattlig mye pengar og det er ikkje bare å starte utbygging et anna stad, seier Ringdal.

Ordførar i Stranda Kommune Jan Ove Tryggestad trur det vil ta lang tid før reguleringsplanen er i boks.

– Vi hadde et håp om at reguleringsplanen i beste fall kunne godkjennast før ferien, men no kan vi skyte ei kvit pil etter det og vi snakka heller om år fram i tid, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL