Hopp til innhold

Fryktar utanlandske aktørar vil få milliardkontrakt

Prisen er ikkje det einaste som skal bety noko når nye vegar skal byggjast, meiner stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap). Ho er redd for at fastlandssamband til fleire milliardar kroner skal hamne på kinesiske hender.

Illustrasjon av Nordøyvegen, Lepsøybrua

MILLIARDPROSJEKT: Dette er ein illustrasjon av Lepsøybrua, ein av fleire bruer og tunnelar som til saman vil utgjere Nordøyvegen.

Foto: Kathrine Pernille Beite / Statens vegvesen

Det komande fastlandssambandet er den største enkeltkontrakten på eitt veganlegg nokon gong i Midt-Norge. Nordøyvegen skal erstatte ferje og hurtigbåt med bruer og tunnelar mellom øyane nordvest for Ålesund og med det knyte små lokalsamfunn tettare til fastlandet.

Milliardprosjektet i Møre og Romsdal er kostnadsrekna til 3,8 milliardar kroner. Botten meiner det må leggjast vekt på fleire kriterium enn pris når kontraktane for bygging av Nordøyvegen skal ut på anbod.

Else-May Botten

NORSKE AKTØRAR: Stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) meiner at det offentlege Noreg må bruke si innkjøpskraft til å sikre at norske aktørar vinn fram i anbodskonkurransar om store samferdselsprosjekt.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

– Vi må bruke offentleg innkjøpskraft for å sikre at norske aktørar kjem med. Vi må vere opptatt av å skape arbeidsplassar og at prosjekta skal vere økonomisk gunstig for vår eigen del også, seier Botten.

Usamde om internasjonale aktørar

Botten meiner det er grunn til å frykte at kontraktane kan gå til kinesiske firma, slik det har gjort ved store utbyggingsprosjekt i Nordland og seinast i Trøndelag med Beitstadsundet bru.

Helge Orten

PROTEKSJONISME: Stortingsrepresentant Helge Orten (H) trur at det å stille krav til digitale planleggingsprosessar er ein god idé, men ikkje for å bruke det som eit proteksjonistisk argument. – Om dette gir konkurransefortrinn til norske leverandørar, så er det berre ein bonus, seier han.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) er usamd og ser ingen grunn til å stengje utanlandske aktørar ute frå ein anbodskonkurranse med mindre det ligg utanrikspolitiske føringar bak.

Han trur internasjonal konkurranse kan stimulere den norsk bransjen, som tidlegare har vunne anbod om samferdselsprosjekt, til å bli betre.

– Vi må sørge for god konkurranse slik at vi får mest mogleg veg for pengane. Viss ikkje er eg stygt redd for at vi ikkje får bygd vegane vi ønskjer.

Orten meiner vi må tole at utanlandske selskap konkurrer i Noreg, dersom vi skal vente å selje våre varer og tenester i utlandet.

Ynskjer ikkje geografisk avgrensing

Botten (Ap) trur bruk av utviklingskontraktar og krav til digitale planprosessar i anboda kan vere med på å sikre at norske entreprenørar kan vinne fram i konkurransen.

Utviklingskontraktar kan brukast i prosjekt som krev utnytting eller utvikling av ny teknologi. Krav til digitale planprosessar betyr at tilbydarane må bruke digitale verktøy i planleggingsprosessen, til dømes 3D-modellar.

For arbeidet på Nordøyvegen er ikkje desse tiltaka relevante.

Marianne Nærø

INGEN AVGRENSING: Marianne Nærø, prosjektleiar i Statens vegvesen, seier at dei ikkje ynskjer å gjere ei geografisk avgrensing for kven som kan levere tilbod for bygging av Nordøyvegen.

Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen

– Prosjektet består av bruer og tunnelar som har kjent teknologi som vi er vane med å bruke, seier Marianne Nærø, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Dessutan er det bestemt at oppdragsgjevar sjølv skildrar i detalj kva som skal byggjast og entreprenørane leverer pris på akkurat det. Vegen er frå før planlagt og modellert, seier Nærø.

– Vi ynskjer ikkje å legge avgrensingar på kven som kan legge inn tilbod. Tilboda til kvalifiserte aktørar frå alle land blir vurderte, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL