NRK Meny
Normal

Fryktar uopprettelege bestandskadar

Det skal snart avgjerast om det kjem seks nye store vindmølleparkar i fylket. Haugshornet på Gurskøya i Sande kan bli den første som får klarsignalet. Ornitologar og naturforskarar forstår ikkje at politikarane er villige til å ofre fuglebestanden i området.

 

 

Havørn
Foto: Pål Kristian Lindset

I vekene framover hekkar mange fugleartar her.

Dette er Hubroen og Havørna sitt rike.

Hubroen er ein av dei mest utryddingstrua fugleartane i landet, og er på raudlista over artar som er direkte trua med å bli totalt utrydda.

Kongeørn, Storlom og en rekke falkeartar lever her i det ornitologane kallar eit sjeldant mangfald. Snart er neste generasjon på vengene.

I dette området søker Hydro om å få bygge Haugshornet vindpark. 26 vindturbinar vil dei plassere ut i området mellom fjellet Haugshornet og Storetua i Sande kommune.

 

 

 

 

 

Havørn drept av vindturbin
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

- Tankelaust å bygge der gjer størst skade

Til no er området best kjend blant ornitologar og fugleinteresserte. Ornitolog Alv Ottar Folkestad hevdar det er få plassar i Norge skadene kan bli større enn her.

– Fleire av artane her er utryddingstruga, det er tankelaust å utsetje desse for ytterlegare press. Vi veit at dødeligheita aukar dramatisk når vi kombinerar vindkraft og storfugl. Det er verre å sjå kva som skjer på Smøla.

 

 

 

 

 

Alv Ottar Folkestad på Runde
Foto: Øystein Windstad

Illevarslande funn på Smøla

Ole Reitan er forskar i NINA. Han og hunden går vekentlege turar mellom møllene i Smøla vindpark.

Norsk institutt for naturforskning er i ferd med å kartlegge omfanget av fugledød i området. I dag gjorde han eit nytt funn

– Det er det tredje i år, seier Reitan.

To fuglar vart funnen i forrige veke.

– I vinter har vi ikkje funne ørn, men det hadde vi heller ikkje venta, seier forskaren.

– Årsaka er at om vinteren er ørna langt rolegare enn ellers på året, men vi går no inn i ei svært hektisk periode med hekking og det er illevarslande at vi finn døde dyr så tidleg, seier Ole Reitan frå NINA

 

 

 

 

Havørn drept av vindturbin
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Prisen å betale?

De folkevalgte i Sande har sagt et klart ja til at Hydro kan få plassere 26 vindturbiner på Storetua. Vindforholda er ideelle. Anlegget vil kunne levere 75 megawatt når det står ferdig.

Fornybar energi som vil gi et verdifullt bidrag til energiunderskuddet i fylket.

Fylkesordførar Jon Aasen innrømmer at det er eit dilemma at fugl må lide for å dekke vårt behov for rein fornybar energi.

– Kanskje er det prisen vi må betale, seier Aasen.

– Vi treng informasjon om skadeverknadane og smølaprosjektet bør vi følge nøye og lære av, men vi må også innsjå at vindkraft er viktig og miljøvenleg energi.

Alv Ottar Folkestad er ikkje eining i denne framstillinga.

– Vi bør få ein debatt om kva som er viktig i eit litt større perspektiv. Det bør være heva over einkvar tvil at vindkraft kan vere svært miljøfientleg, seier Folkestad.

- Det vil være muleg å kombinere vindkraft og natur, men da må styresmaktene lytte til forskarane også – ikkje berre til politikarane.

 

Svaret før sommaren

Haugshornet vindpark er eit av seks anlegg som NVE no vurderar å gi konsesjon.

Dei fem andre er: Fræna vindpark, Haram vindpark og dei tre Havsul-prosjekta i havet utanfor Harøya , Løvsøya og Atlanterhavsvegen.

Før sommaren skal alle prosjekta være handsama. Alle forslaga har møtt kraftig kritikk frå naturvernarar, men har fått politisk flertall. For mange av kommunane vil inntekter frå utbyggjaren får stor betydning i kommuneøkonomien.

Smølaprosjektet skal fortsette enno i 2 år før forskarane kjem med sin konklusjon.