Hopp til innhold

Fryktar ulykker

Pendlarar fryktar ulykker på ferjekaia på Koparnes i Vanylven. Kvart år er det fleire trafikkfarlege situasjonar på kaia, der oppstillingsplassen er rett ved sida av bilvegen. Fylkesvegavdelinga er klar over problema, men på grunn av dårleg økonomi kan dei på kort sikt berre gjere noko med skilting og merking. Ole Per Kragset og Rune Halsen (til venstre på bildet) pendlar mellom Syvde og Sørbrandal, og har opplevd fleire gonger farlege situasjonar på ferjekaia der det er 80-sone.

Pendlarar på Koparnes ferjekai
Foto: Arne Flatin / NRK