NRK Meny
Normal

Fryktar trongare økonomi for unge og nyetablerte

Årets statsbudsjett vil gi trongare økonomi for unge og andre i etableringsfasen, trur Bente Bruun, leiar for sparing- og investering i Nordea Nordvest.

Bente Bruun, leiar for sparing- og investering i Nordea Nordvest

Bente Bruun, leiar for sparing- og investering i Nordea Nordvest, fryktar at unge og nyetablerte kjem skeivt ut i statsbudsjettet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Torsdag blei forslaget til statsbudsjett for 2017 lagt fram av finansministeren. Bente Bruun, leiar for sparing- og investering i Nordea Nordvest, trur årets statsbudsjett vil gi spesielt ei samfunnsgruppe dårlegare privatøkonomi.

– Eg trur at unge og nyetablerte vil få det litt trongare, både på grunn av årets statsbudsjett, men også på grunn av trendane som er i tida, seier ho.

Høgare studielån

Både noverande og tidlegare studentar vil merke endringane dersom regjeringa får det som dei vil. Studielånsrenta aukar med 0,35 prosentpoeng, og regjeringa vil i tillegg avvikle reisestipendet for reiser i Norge og Norden.

Lesesal

Regjeringa vil auke renta på studielånet.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Bruun trur at dette er blant dei forslaga som vil ramme dei unge og nyetablerte negativt.

– Det er ofte denne gruppa som har høgast gjeld. Når studierenta i tillegg blir heva og rentene i bustadmarknaden er på veg opp så kan det få negative konsekvensar, seier ho.

Trongare økonomi

I forslaget til statsbudsjettet blir skattesatsen for selskap og personar senka frå 25 til 24 prosent. Det er i tillegg varsla ei ytterlegare senking til 23 prosent i 2018, med bakgrunn i skatteforliket i Stortinget. Bruun meiner likevel at det ikkje er nok for å gi denne gruppa gode økonomiske utsikter.

– Sjølv om alle får ein skattereduksjon på ein prosent, så trur eg det spesielt blir trongare for unge og dei som er under etablering. Vi ser i budsjettet at det er ein del renter og avgifter som skal opp. I tillegg har arbeidsmarknaden blitt vanskelegare og vi må rekne med eit lågare lønnsoppgjer, seier ho.

Reduksjonen i skattesatsen minkar også verdien av ein rekke frådrag på skatten tilsvarande. Det gjeld blant anna frådraget for fagforeiningskontingent, som blir heldt uendra på 3850 kroner, frådraget for foreldrebetaling i barnehage og SFO og frådraget for gjeldsrenter på bustadlån.

Bruun fryktar at den generelle økonomiske utviklinga i samfunnet vil gjere det vanskelegare for unge å kome seg inn på bustadmarknaden.

– Vi ser at det å kome seg inn på bustadmarknaden har blitt verre. Vi ser også at det kan bli usosialt dersom krava til eigenkapital og det ein skal bidra med sjølv blir strengare. Då kan ein få ei vriding der dei som har foreldre som kan hjelpe dei kjem best ut, og det er kanskje ikkje ønskeleg, seier ho.

Bente Bruun frå Nordea analyserer.

Sjå også kva Bente Brun trur statsbudsjettet vil ha å seie for privatøkonomien til folk flest.