Hopp til innhold

Fryktar Tor etter å ha mist huset i orkanen i 2011

Ho gløymer aldri 1. juledag for fire år sidan. Då smadra orkanen det nye huset deira. No gruar ho seg til å sjå Tor sine herjingar.

Ann Elin Nygård Myhre

Ann Elin Nygård Myhre ventar i spenning på at Tor skal slå til ytst på romsdalskysten. Familien avlyser no alle planar for ettermiddagen, og blir heime.

Foto: privat

Det er mange vestlendingar som fredag ventar i spenning og frykt på kva som skjer i møtet med orkanen Tor.

For Ann Elin Nygård Myhre (38) og familien i romsdalskommunen Midsund er det ekstra spesielt. Dei miste huset då orkanen Dagmar herja i jula 2011.

Eg likar det ikkje, det er vel fordi vi opplevde det vi opplevde, det er jo litt ekkelt, seier Myhre.

Restene av huset til Ann Elin Nygård Myhre

Orkanen Dagmar smadra det nye huset deira i 2011.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fryktar orkanen skal ta tak på nytt

Saman med ektemannen og fire barn opplevde eit mareritt då dei 1. juledag 2011 opplevde at orkanen Dagmar smadra huset deira, som var under oppføring. Då mannen kom til staden, blei bilen hans nesten tatt av ei vindkule.

Garasjen er full av ting som vanlegvis står ute

Familien Myhre har no plukka inn alle lause delar utanfor huset sitt, og håper det går bra denne gongen.

Foto: Synnøve Hole

Først eitt år etter fekk dei endeleg flytte inn i huset. Og no vil dei gjerne behalde det uskadd.

Det er jo vanskeleg å seie kor hardt det blir denne gongen, det spørst på retninga, men det er uansett ikkje noko hyggeleg, seier Myhre.

Les også:

Har avlyst alle planar i ettermiddag

Sikra trampoline

Familien har delvis demontert trampolinen i hagen, og sikra han med betongelement, for at Tor ikkje skal stikke av med han.

Foto: privat

Firebarnsfamilien hadde ein aktiv ettermiddag framfor seg. No har dei endra planane, etter at varselet om Tor kom. I tillegg til å sikre trampolinen, har dei tatt inn hagemøblar og anna utstyr, og har tenkt å vere heime.

Ungane skulle jo på ulike ting, men vi lurer på om vi berre blir heime, låser oss inne og satsar på det beste, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL