NRK Meny
Normal

Politiet fryktar syklistar skal bli meia ned i mørke tunnelar

Politiet fryktar dødsulykker som følgje av at syklistar trassar forbodsskilta og syklar ned i undersjøiske tunnelar. To franske syklistar måtte ha hjelp av politiet til å kome seg ut av Atlanterhavstunnelen laurdag morgon.

Atlanterhavstunnelen er stengd

To franske turistar (til høgre i biletet) måtte ha politieksorte for å kome seg ut av Atlanterhavstunnelen laurdag morgon. I mellomtida måtte bilistane vente.

Foto: politiet

Politiet på Nordmøre måtte igjen rykke ut etter å ha fått melding om endå ein ny syklist på forboden tur laurdag formiddag. Denne gongen var det ei amerikansk kvinne som like godt sykla gjennom heile den undersjøiske Freifjordtunnelen.

– Eg blir frustrert over at folk er så uforsiktige. Eg forstår ikkje at dei tør. Tunnelar med 80-grense og mykje tungtrafikk eignar seg ikkje for syklistar, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp til NRK Møre og Romsdal.

Franske turistar fekk politieskorte

Mindre enn to timar før måtte to franske turistane ha politieskorte for å kome seg heilskinna gjennom Atlanterhavstunnelen på Nordmøre. I sommar har syklistar på ulovleg ferd gjennom dei undersjøiske tunnelane gang på gang ført til stengde vegar.

Tove Anita Asp

Operasjonsleiar Tove Anita Asp seier ho aldri ville køyrt ned i ein undersjøisk tunnel på sykkel.

Foto: privat

– Eg hadde aldri køyrt ned i ein slik tunnel, for å seie det slik, men er du på ferie, så tek du kanskje sjansen, ikkje veit eg, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp.

Les også:

Dårleg med refleks på syklistane

Laurdag morgon måtte ho sende ut ein patrulje etter melding frå ein bilist som hadde problem med å sjå dei to franske syklistane skikkeleg. Patruljen geleida dei to franske turistane ut av tunnelen. I mellomtida stengde vegvesenet tunnelen for å unngå ulykker.

– Dei hadde dårleg med refleks både på seg sjølve og syklane. Møter dei eit vogntog kan kva som helst skje, seier Asp.

Stengjer alltid tunnelane

Vegvesenet tør ikkje ta sjansen på at syklistane kjem seg velberga ut på eiga hand, og har som praksis å stengje når dei får melding om syklistar på ulovleg tur.

– Det kan vere trongt og mørkt, så vi stengjer for å unngå at dei blir køyrt på, seier operatør Homan Rostamalipour ved Vegmeldingssentralen.

Stadig fleire syklar inn i mørket

Atlanterhavstunnelen stengd

Atlanterhavstunnelen måtte stengjast laurdag morgon fordi politiet skulle lose to franske turistar trygt gjennom.

Foto: Politiet

Politiet har eit inntrykk av at det i sommar har vore fleire episodar med syklistar som ulovleg tek seg inn i dei undersjøiske tunnelane. Fredag ettermiddag blei Fannefjordtunnelen stengd på grunn av syklistar, og for nokre dagar sidan skjedde det same i Freifjordtunnelen.

– Det har vore jamt med slike saker i sommar. Mitt inntrykk er at det er fleire enn elles, seier Asp.

Ingen reaksjon frå politiet

Dei franske syklistane får inga bot etter tunnelsyklinga. Dei blei heller ikkje stoppa, men fekk hjelp gjennom tunnelen, på ferda mot Kristiansund.

– Det viktigaste for oss er å få dei trygt ut av tunnelen.

– Men var det lurt å hjelpe dei gjennom, burde ikkje dei heller blitt snudd tilbake til utgangspunktet?

– Nei, då hadde dei vel tatt same runden ein gong til. Kanskje hadde vi då berre hatt same problemet om ein time, seier Asp.