NRK Meny

Fryktar svekt sjukehustilbod

Romsdal regionråd (ROR) er uroa for at Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir svekt, dersom for mange oppgåver blir lagt til sjukehuset i Ålesund. Det går fram av høyringsuttalen som ROR har sendt til utviklingsplan 2019–2022. ROR meiner det kan vere fagleg rett at Ålesund blir det mest differensierte sjukehuset i fylket, men peiker på at også fellessjukehuset må ha eit robust tilbod.