Hopp til innhold

Fryktar smittevegring ved akutt behov for hjelp

Folk som verkeleg treng akutt helsehjelp må ta kontakt med helsetenesta, oppmodar Helse Møre og Romsdal. Tilsette og kommunar er bekymra for at folk ikkje tar kontakt på grunn av frykt for koronasmitte.

Molde sykehus

Helse Møre og Romsdal fryktar at folk som treng akutt helsehjelp ikkje vil ta kontakt. Her er Molde sjukehus, der to ligg innlagt med påvist smitte av koronaviruset.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg vil sterkt oppmoda befolkninga om ikkje å nøle med å ta kontakt og be om hjelp. Vi har god kontroll på smittesituasjonen ved våre sjukehus og det er ingen grunn til å frykte koronasmitte ved innlegging ved eit av våre sjukehus, seier Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, i ei pressemelding.

Øyvind Bakke

Øyvind Bakke er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er innlagt tre pasientar med koronasmitte ved sjukehusa i fylket, éin i Ålesund og to i Molde.

Tilsette og kommunar er bekymra

Helseføretaket ber folk som har behov for akutt helsehjelp ved ulykker, ved alvorleg medisinske tilstandar, eller ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse om å faktisk ta kontakt.

Leiinga i helseføretaket har fått fleire tilbakemeldingar frå deira tilsette og kommunar i fylket som er bekymra for at folk vegrar seg for å kontakte helsetenestene, i frykt for å bli utsett for koronasmitte.

Har oppretta eigne smitteområde

Ved alle sjukehus, institusjonar og i dei prehospitale tenestene er det fokus på gode smittevernrutinar, skriv Helse Møre og Romsdal vidare. Alle fire sjukehus har mellom anna oppretta eigne område der pasientar som er mistenkt med koronasmitte, eller som har fått påvist koronasmitte blir isolert.

Alle tilsette som har pasientkontakt har også fått opplæring i bruk av smittevernutstyr for å hindre smittespreiing.

Et telt for koronamitte testing er satt opp utenfor træffhuset i Molde

Testing av koronasmitte i gjennomkøyringstelt i Molde.

Foto: Roar Strøm