Direktør Astrid Eidsvik fryktar ei skeivfordeing som gjer at Sunnmøre kjem dårlegare ut enn andre helseføretak.
Fleire pasientar
Helse Sunnmøre har 10.000 fleire pasientar i sitt nedslagsfelt sammenligna med Helse Nordmøre og Romsdal. Likevel har Nordmøre og Romsdal eit budsjett som er 60 millionar kroner høgere enn Helse Sunnmøre.
Noko av dette skuldast rett nok at det psykiatriske tilbodet er større i Molde enn Ålesund, men det er rett og rimeleg at ein ser på fordelinga på nytt, meiner Eidsvik.
Også Helse Nord-Trøndelag som er like stor som Helse Sunnmøre får vesentleg meir penger.
Då helsefortaka blei oppretta arva dei budsjetta frå den tidlegare eigaren fylkeskommunen. Her kan kilden til ei eventuell skeivfordeling ligge.
Går gjennom tala
Direktør i Helse Midt-Noreg Paul Hellandsvik.
Direktør i Helse Midt-Noreg, Paul Hellandsvik, lovar å gå gjennom tala.
-Vi skal jo fordele pengane til alle foretaka så rettferdig som mogleg, seier Hellandsvik som allereie har starta ein gjennomgang for å finne ut om Sunnmøre får for lite pengar.