Hopp til innhold

Færre vil bli barnehagelærar – Trine (24) går mot straumen

Over 1000 færre har søkt seg til barnehagelærarutdanningane i år samanlikna med dei tre siste åra. Fagforbundet trur koronapandemien har noko av skulda.

Barnehagelærarstudent Trine Bernås

BARNAS BESTE: Barnehagelærarstudenten Trine Bernås meiner det positive ved yrket gjer arbeidet verdt det.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Klart det er urovekkande at tala er så låge. Eg opplever det som eit varsel, og det må følgast opp av myndigheitene, seier May-Britt Sundal i Fagforbundet.

Talet på førstevalssøkjarar til barnehagelærarutdanninga har gått ned med 25,6 prosent sidan i fjor. Det har ikkje vore så få søkjarar sidan 2013.

I ei næring som allereie opplever bemanningsproblem, er det ikkje godt nytt at færre vil bli barnehagelærar.

Umoglege tiltak

Trine Indresøvde Bernås er barnehagelærarstudent ved Høgskulen i Volda. Studiet valde ho etter å ha prøvd ut eit vikariat som barnehageassistent.

Ho synest ikkje det er bra at søkjartala til studiet søkk.

Det er veldig synd, for vi treng alltid barnehagelærarar. Det er her barn får grunnlaget til utviklinga si, og dei lærer veldig, veldig mykje i løpet av denne perioden.

Då ho starta vikariatet sitt i Sollia barnehage i Volda, var det midt i pandemien. Bernås trur dette var ei veldig slitande tid for tilsette.

– Borna måtte bli delt inn i små grupper, sjølv om dei ville vere saman. Ein måtte passe på å ikkje vere sjuk, samtidig som ein skal passe ungane. Vi hadde ikkje kapasitet til det.

Trine Bernås

I fleire år visste ikkje Trine Bernås kva ho skulle jobbe med. Etter eit vikariat i ein barnehage, fann ho sitt kall.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Om dei som jobbar med dette hadde blitt høyrd av myndigheitene under pandemien, hadde vi kunne hatt koronareglar som ikkje var umoglege å følge.

Dårleg rykte

Bernås trur både dårleg løn og bemanningsproblem kan ha ført til at folk blir skremt frå barnehagelæraryrket.

Det er alltid underbemanning, uansett. Vi burde hatt fleire tilsette for å unngå kriser om ein person er vekke. I barnehagen er det alltid sjukdom. Alltid sjukemeldingar. Eg har berre vore tilkallingsvikar, men det har nesten blitt ei 100 prosent stilling.

Les også: Talet på studentar som vil bli barnehagelærar stuper: – Ser bekmørkt ut

Emilie Korsnes på jobb i Norlandia Hessa barnehage.
Emilie Korsnes på jobb i Norlandia Hessa barnehage.

Politisk rådgjevar Signe Bjotveit (Sp) i Kunnskapsdepartementet meiner det er for tidleg å seie at det er grunn til å bekymre seg for interessa for utdanninga.

– Men vi kjem til å følge utviklinga, og vil heile tida jobbe for god nok rekruttering til viktige utdanningar og yrke som barnehagelærarutdanninga, seier ho.

Signe Bjotveit. Politisk rådgiver for forsknings- og høyere utdanningsministeren.

– Høgskulen på Vestlandet intensiverte sitt nasjonale rekrutteringsprosjekt for lærarutdanningane i 2022, fortel Signe Bjotveit om tiltak dei har sett i gang for å betre situasjonen.

Foto: Ilja C. Hendel / Ilja C. Hendel

Pandemi og lite fri

May-Britt Sundal trur årsaka bak dei låge søkartala er samansett.

May-Britt Sundal i Fagforbundet

May-Britt Sundal er leiar for yrkesseksjon kyrkje, kultur og oppvekst i Fagforbundet.

Foto: Birgit Dannenberg

– Men vi trur pandemien har spelt ei stor rolle, fortel Sundal.

Dårleg bemanning, sjukefråvær og smittevernreglar gjorde at dei som var att på jobben måtte ta på seg mange fleire oppgåver enn i utgangspunktet.

Sundal meiner det har ført til ein vond sirkel der folk blir sjukmelde grunna mykje arbeid, så får nokon andre oppgåvene deira i tillegg til eigne.

– Eg meiner barnehagen er ein fantastisk arbeidsplass, men vi må sikre nok bemanning slik at tilsette får gjere den jobben dei er sett til å gjere.

– Fleire bør prøve yrket

Sjølv om ho meiner løna ikkje er optimal og at dagane er fylt med hardt arbeid, vil Trine Bernås fullføre utdanninga si, og jobbe som barnehagelærar i framtida.

Eg er veldig glad i å vere med barna, og hjelpe dei med å utvikle seg. Det er ein veldig kjekk jobb.

Trine Bernås

Trine Bernås trur mange hadde likt å jobbe i barnehage om dei hadde prøvd det.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ho trur fleire hadde hatt godt av å prøve seg som assistent i ein barnehage for å sjå om dei likar arbeidet, før dei gjer seg opp ei meining om korleis det er.

– Det er eit veldig kreativt yrke. Aller viktigast er det å vere glad i barn, og å ha interesse for at dei skal lære om ting dei er nysgjerrige på.