– Trist
Hareid er i søkelyset på grunn av usemja mellom biskop Rosemarie Köhn og kapellan Michal Møgster. Det er trist at bygda blir sett i eit dårleg lys, seier Gjerde.
At Hareid kommune er ein like god stad å bu i som nabokommunane, er Gjerde overbevist om. Men at det stadig dukkar opp saker som gir bygda negativ merksemd er ikkje til å kome utanom.
Fleire konfliktsaker
Hareid sentrum (Foto: NRK)
Kyrkjekonfliken i Hareid dei siste dagane er langt frå den første striden som pregar bygda. Debatt om nedlegging av skular er ei av fleire saker som har skapt kamp og usemje både blant politikarar og andre.
Gjerde fryktar konsekvensane av den negative merksemda som stadig råkar bygda. Han meiner ein no bør avverge at bygda blir sett i eit dårleg lys.