Hopp til innhold

Fryktar laksestopp i Surna

I Surnadal er dei glade for innskrenkingane i laksefisket frå neste helg, men fryktar framtida for laksefisket i kommunen.

Willy Bjørnsrud

Willy Bjørnsrud har fiska i Surna i 29 år. Men no er han usikker om det vil vere nok laks i elva framover.

Foto: Roar Halten / NRK

I Surnadal er dei glade for at innskrenkingne på laksefisket kjem no. Men dei fryktar for framtida for laksefisket i kommunen. Samtidig får oppdrettsbransjen passet sitt påskrive.

Fryktar laksestopp i Surna

Surna

Miljødirektoratet innfører ekstraordinære tiltak for å sikre villaksbestanden – blant anna i elva Surna.

Foto: Roar Halten / NRK

Elva Surna er ei av dei beste lakseelvane i Møre og Romsdal, men no er fisket labert. Den erfarne fiskaren Willy Bjørnsrud er i Surnadal på 29. året og konstaterer at årets fiske er ein fiasko. Så langt har han ikkje fått ein einaste laks. Nettopp difor er han også positiv til restriksjonane som no vil kome.

– Det er på tide og det er bra. Det burde det vel eigentleg har blitt gjort noko allereie for nokre år sidan, for i år er fisket veldig dårleg.

Gjeld heile Nordmøre

Ifølgje Miljødirektoratet ligg fangsten på laks under halvparten av det som er normalt på denne tida av året. Direktoratet innfører difor ei ekstraordinær regulering av fisket i sjø og vassdrag i ulike delar av Midt- og Nord-Noreg.

Lite laks

Vanlegvis ville denne fangstlista vore langt lengre på denne tida av året. Det same gjeld for fleire andre elver i landet.

Foto: Roar Halten / NRK

På Nordmøre betyr reguleringa at fisket etter laks i sjøen med kilenot vert stengt frå fredag 26. juli kl 18.00.

– Slik som situasjonen er no har vi vurdert desse tiltaka til å vere tilstrekkelege. Ingen av bestandane i desse områda er truga av utrydding, men vi er bekymra for at vassdraga ikkje vil få tilstrekkeleg med ytefisk til hausten, seier fungerande seksjonsleiar Heidi Hansen ved fiskeseksjonen i Miljødirektoratet til NRK.

Bygda treng laksen

Laksefiskar Bjørnsrud fryktar på si side at årets fiskesesong kan bli ein av hans siste i Surnadal.

– Ja, eg er vel eigentleg redd for det. Men det er klart at når det gjeld å redde villaksstammane så må ein berre rette seg reguleringane. Og det er eigentleg fornuftig, seier han.

Rådmann Knut Haugen i Surnadal er ingen laksefiskar, men er likevel uroa for framtida. Lakseelva har tradisjonelt har vore for reiselivet i Surnadal, og han fryktar at laksemangel kan få negative ringverknader for bygda.

– Det er kjempeviktig at folk skal kunne kome hit og fiske laks. Hotell, campingplassar, butikkar og heile bygda er avhengig av ei god Surna. Om det ikkje vert laks å få, er det særs dumt, seier han.

Vil ha sterkare tiltak

Mons Otnes og Knut Haugen

Ordførar Mons Otnes og rådmann Kjell Haugen i Surnadal kommune bekymrar seg over framtida til laksebestanden i kommunen.

Foto: Roar Halten / NRK

Ordførar i Surnadal, Mons Otnes er redd for at reguleringane er for lite – for seint.

– Situasjonen for laksefiske er rett og slett skremmande. Vi ser det på elvene, ikkje berre i Surna, men over heile landet. Villaksen er sterkt truga art, så det krevjast sterkare tilbake, seier Otnes.

Otnes meiner omfattande oppdrettsverksemd er med på truge villaksen sin eksistens.

– Ein ser det med tanke på lakselussituasjonen. Sunndal er nasjonal lakseelv og nasjonal laksefjord. Då burde det ikkje vere lakseoppdrett i det heile teke i fjordsystemet.

Ordføraren tykkjer oppdrettsnæringa har for mykje makt.

– Staten held ei varm hand rundt dei, Det er omsetjing som er viktig for norsk økonomi. Det er tøft å nå fram for den som kjempar for villaksen, seier han resignert.

– Oppdrettsnæringa gjer sitt

Kommunikasjonsdirektør i Fiskeri – og havbruksnæringenes landsforeining, Are Kvistad, er ueinig i at oppdrettsnæringa er ein del av problemet.

Are Kvistad

Kommunikasjonsdirektør Are Kvistad i FHL meiner laksebestanden i Surna kan betrast utan at oppdrettsnæringa må flytte på seg.

Foto: FHL, pressefoto

– Eg synest det høyrest ut som ein forhasta konklusjon. På havbrukssida så gjer oppdrettarane jobben sin. I fjor rømde 35 000 laks, det er nesten nede på nullvisjon. Vidare er lusenivået i næringa no lågare enn regjeringa ber om, seier han.

Kvistad legg til i at han er heilt einig i avgjersla til Miljødirektoratet.

– Eg meiner det er heilt rett når direktoratet no vel å innskrenke fisket. Det er kjempeviktig medisin å innskrenke fisket for å sikre laksestammen.

Sjå reportasjen: