NRK Meny

Fryktar låg ambisjon for sjukehus

Formannskapet i Volda er uroa over at Utviklingsplanen har så lågt ambisjonsnivå for Sjukehuset i Volda som akuttsjukehus, og også for Mork Rehabiliteringssenter. Ifølge avisa Møre krev formannskapet at Volda sjukehus må bli vidareutvikla med gode akuttfunksjonar og fødeavdeling for regionen. Involverte kommunar må bli orienterte om vidare planar for Mork.