Hopp til innhold

Fryktar kraftselskapet snart kan gå inn i huset med makt

Cornelius Eckert nektar å ha ein automatisk straummålar i hus. No går han og seks andre til retten for å stanse kraftselskapa.

Cornelius Eckert

For Cornelius Eckert (45) er det eit viktig prinsipp at han må få bestemme i sitt eige hus. Men han er også uroleg for om familien hans kan bli sjukare av stråling frå ein automatisk straummålar. Difor nektar han.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I lang tid har sju straumkundar i Hustadvika krangla med det lokale kraftselskapet sitt. Dei vil ha straum til kaffimaskina, flatskjermen og alt som trengst i eit moderne hus. Men dei nektar å ta i mot dei nye straummålarane fordi dei er redde for helsefarleg stråling.

Men kraftselskapet vil heller ikkje gje seg. No blir det rettssak.

– Eg er redd for for negative biverknader på det sjukdomsbildet vi allereie har i familien, og at det kan forverre seg med ein AMS-målar i huset, seier Cornelius Eckert.

Det er første gongen spørsmålet om tvangsinstallering blir prøvd i ein norsk rettsal.

Forstår ikkje protestane

Men skeptikarane får ingen applaus hos kraftselskapa. Bransjen er pålagt å installere nye straummålarar i alle hus, og fristen gjekk ut for over to år sidan.

Kraftselskapa meiner dette ikkje er noko å lage bråk om, og ser fram til å få ei rettsleg avklaring på problemstillinga.

– Nei, eg kan ikkje heilt klare å forstå at folk brukar så mykje tid og krefter på ei slik sak, det må eg vedgå, det seier Gerhard Eidså, som er dagleg leiar for Istad Nett AS.

Gerhard Eidså

Dagleg leiar Gerhard Eidså i Istad Nett AS seier dei ser fram til å avklart i retten om dei har lov å tvinge seg inn i husa til folk for å skifte straummålarane. Han seier dei vil gjere det dei kan for å unngå å måtte bruke makt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Men dei sju straumkundane i Hustadvika er ikkje unike. Fleire stader i landet nektar folk å ta imot dei nye straummålarar. Nokre argumenterer med at dei er redde for stråling, andre for at dei fryktar overvaking. Miljøargumentet blir også trekt fram, når dei gamle målarane skal skiftast ut.

Avviser at dei strålar

Dei nye, automatiske straummålarane er omtrent så store som ein vanleg iskremboks, og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet avviser at dei gir frå seg farleg stråling.

– Eg trur slett ikkje dei er farlege. Vi har mykje stråling rundt oss i dag, mellom anna i form av mobiltelefonar som dei fleste brukar dagleg. Det er mykje større stråling frå ein mobiltelefon, seier Eidså i Istad Nett AS.

Men det er inga trøyst for dei som trur dette er feil. Dei siste månadene har det vore fleire rettssaker fordi kraftselskapa har kutta straumen hos gjenstridige kundar. No håper Istad Nett at den varsla rettssaka i Møre og Romsdal tingrett i mai skal få ein endeleg slutt på protestane.

Cornelius Eckert

Dette er straummålaren som selskapet Istad Nett AS er pålagt å skifte heime hos familien Eckert. Det skulle vore gjort for over to år sidan.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Håper på siger

Det lyser i alle rom der Cornelius Eckert bur med kone og tre barn, og vaskemaskina går dagleg. Men familien prøvar å unngå elektromagnestisk stråling når dei kan. Sjølv har Eckert erfart at han blir raud og øm i ansiktet når han snakkar i trådlaust headset til mobiltelefon. Han trur ein gamal nerveskada er årsaka, og at stråling gjer det verre.

To av dei andre i familien har andre helseutfordringar, som dei fryktar kan bli påvirka negativt av ein ny straummålar. Han meiner kampen i retten er verd å kjempe.

– Det burde vore frivillig, det burde ikkje vore noko spørsmål. Det er jo ein inngriping i mitt private hus, sjølv om kraftselskapet eig den straummålaren, seier Cornelius Eckert.

Cornelius Eckert

Cornelius Eckert håper retten konkluderer med at kraftselskapa må gje seg, dersom kundane nektar å ta imot dei automatiske straummålarane. Det er første gong dette spørsmålet blir behandla i ein rettsal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK