Hopp til innhold

Fryktar konkursar

Espen Remme, regiondirektør i NHO, er bekymra for at bedrifter kan gå konkurs i løpet av våren. Koronapandemien har fått store konsekvensar for næringslivet, og særleg reiseliv og servicebransjar har vore hardt råka. Remme er spent på korleis det neste året blir. – Ein del innan reiseliv, hotell og restaurantnæringa hadde ein opptur i sommar, men har gått ein krevjande vinter i møte. Det finst kompensasjonsordningar, men situasjonen er utfordrande for mange. Det blir viktig å ha fokus på kva vi kan gjere for å få desse næringane opp igjen, seier Remme.

Geirangerfjorden med cruiseskip og andre båter
Foto: Sissel Brunstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL