NRK Meny
Normal

Fryktar konflikt om badeplass

Det kan bli bustadbygging der Prinsen Strandcamping og den populære badeplassen ligg i dag.

Badeliv på Prinsen Camping

Mange uroar seg for framtida for badeplassen ved Prinsen Strandcamping.

Foto: Rune A. Hansen

– Det er viktig at folk kan få bade og kose seg vidare, seier Ålesunds-ordføraren.

Tysdag skulle ordførar Eva Vinje Aurdal møte folk frå selskapet Peab. Dei vil bygge bustader der Prinsen Strandcamping er i dag, i Hatlane i Ålesund.

Men møtet med kommunen vart utsett, etter ønske frå Peab.

På Prinsen Strandcamping ligg ein mykje brukt badeplass og eit rekreasjonsområde.

Eit område mange brukar

– Dette er eit viktig område i byen som mange likar å bruke, seier Ap-ordføraren til NRK Møre og Romsdal.

Eva Vinje Aurdal

Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal fryktar dårlegare tider for bading og uteliv, men vil ha ein god dialog med dei som vil bygge ut på Prinsen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ho fryktar at området kan bli mindre tilgjengeleg for alle om det blir privatisert. Men ho presiserer at kommunen ønskjer ein god dialog med selskapet om planane.

Frå camping til bustader

Regionsjef Stig Tore Johnsen fortel at Peab inngjekk ein kjøpsavtale med campingplasseigaren for nokre år sidan.

Stig Tore Johnsen

Regionsjef Stig Tore Johnsen i Peab har oppfatta at folk reagerer.

Foto: Privat

Eigarane vil ikkje drive campingplassen vidare, og dersom det blir ei opning for det vil Peab sette opp bustader der.

Vil ikkje stoppe tilgangen

– Fryktar de at dette skal bli ein konfliktfylt prosess?

– Vi har oppfatta at folk reagerer, og det har kome ein del tilbakemeldingar. Vi har tatt omsyn til dette i planlegginga. Vi vil ikkje stoppe tilgangen til badeplassen. Tvert imot, kan området bli endå betre tilrettelagt, med betre parkering.

Peab-sjefen meiner at ei eventuell utbygging ikkje skal legge beslag på heile området.

Prinsen Camping

Liv (t.v.) og Kristin Hofseth har hatt travle arbeidsdagar ved Prinsen Strandcamping. Men dei vil ikkje drive plassen vidare.

Foto: Tore Ellingseter

Kontroversielt

– Vi er klar over at dette er kontroversielt, men ei god utbygging av området kan gjere alt endå betre og attraktivt, seier regionsjefen i Peab.

Stig Tore Johnsen opplever kommunen som positiv, og har stor forståing for at det er mange interesser å ta omsyn til.

Ordføraren i Ålesund seier kommunen no er i ein fase der alle kan kome med forslag i arealplanen.

– Denne skal behandlast politisk i løpet av forsommaren, seier Eva Vinje Aurdal til NRK.