Hopp til innhold

Fryktar klimaendringane øydelegg viktig historie

GISKE (NRK): Under overflata langs kysten ligg historier som ventar på å bli fortalde, men klimaendringane fører til at det blir vaska vekk. Og det skjer i rekordfart.

Gravfunn på Giske

GRAVRØYS: Denne gravrøysa på Giske skulle eigentleg ha vore rund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ute i havgapet på Sunnmøre ligg øya Giske. Her har arkeologar sett i gang med utgravingar av ei gravrøys, håpet er å finne gjenstandar som kan fortelje korleis forfedrane våre har levd.

– Denne gravrøysa synleggjer veldig godt utfordringa vi arkeologar kan møte på framover. Viktig informasjon kan ha gått tapt allereie, seier arkeolog Trond Eiliv Linge.

Gravfunn på Giske

Her kan ein tydelig sjå at halvparten av gravrøysa er forsvunnen.

Gravrøys på Giske

Arkeologane fryktar verdifull informasjon forsvinn ut i havet.

Gravrøys på Giske

Ser nærmast ut som kanten har vorte revet vekk av hav og vind.

For her har havet teke med seg delar av stranda, og halve gravrøysa har forsvunne. Dermed også ein liten bit av historia. Om dette blir eit vanleg syn for arkeologane, betyr det at mange historiske minne kan stå i fare for ha gått tapt. Linge meiner det hastar med å gjere tiltak.

– Kulturminnet vi finn langs kysten kan til dømes bli beskytta av ein steinmur. Det er eit omfattande arbeid, men om vi vil ha desse kulturminna om 100 år, må noko gjerast, seier han.

Trond Eilev Linge

BEKYMRA: Arkeolog Trond Eiliv Linge fryktar at historie kan gå tapt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Arkeologane har ikkje funnet gjenstandar som kan tidfeste gravrøysa på Giske, men dei trur ho er mellom 1500 og 3000 år gamal.

– Det er veldig trist når vi berre har halvparten av gravrøysa, men vi gjer vårt beste for å finne all den informasjonen som er mogleg, seier feltleiar for utgravinga på Giske, Lilja Pálsdottir.

Skjer i rekordfart

Erosjon er ei naturleg forklaring på det som har skjedd på Giske, men Pálsdottir ser no at dette skjer i rekordfart på grunn av klimaendringane.

– Vi ser at klimaendringane fører til hyppigare og større stormar, og det fører til at vi mister delar av kysten i eit stadig hurtigare tempo, seier ho.

Tidlegare har grunnen fått tid til å stabilisere seg etter stormane, men når dei no kjem hyppigare, så fører det til at meir landmasse forsvinn, og med også historiske gjenstandar.

Meteorologisk institutt kan ikkje seie at vinden aukar i så stor grad, men ser at nedbørsmengdene aukar kraftig, og det kan påverke erosjonen.

– Det er markant auke i kraftig nedbør, og det er også dei dagane som gir mest erosjon, seier klimaforskar ved Meteorologisk institutt, Hans Olav Hygen.

Arkeologer fra Universitetet i Bergen arbeider med utgraving på Øya Giske på Sunnmøre. NRK luftfoto/Øyvind Sandnes

Arkeologar frå Universitetet i Bergen arbeider med utgraving på øya Giske på Sunnmøre. NRK luftfoto/Øyvind Sandnes

Lilja Pálsdottir meiner lokalbefolkninga langs kysten bør engasjerast, slik dei kan bidra med å registrere kvar det kan vere aktuelt å gjennomføre arkeologiske utgravingar. Eit slikt system har dei til dømes i Skottland.

– Der sender lokalbefolkninga bilde av stadar som kan vere interessante for arkeologar. Då får dei betre oversikt over kva som skjer med kystlinja, seier ho.

Kan gi mange svar

– Om du ikkje veit kvar du kjem frå, så veit du ikkje kven du er, svarar arkeologen når ho får spørsmål om kvifor det er viktig å drive med arkeologiske utgravingar.

Arkeologi kan også gi svar på korleis samfunnet har takla forandringar før.

– Vi kan lære av korleis forfedrane våre takla store forandringar i klimaet, som vi kan ta med oss i dei utfordringane vi står i no, seier ho.

Gravrøys på Giske

KYST: Meiner det hastar å få undersøkt kysten etter arkeologiske funn.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men ho er ikkje optimistisk for framtida.

– Endringane skjer i stor fart, og vi har ikkje arkeologane eller midlane som skal til for å kunne dekke behovet, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL