Hopp til innhold

Fryktar influensa i kyrkja

Biskopen i Møre fryktar at folk kan bli smitta av svineinfluensa i kyrkja. No ber han prestane skjerpe inn hygienen i gudshusa.

Nattverd
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Kyrkje er ein stad der mange menneske er samla, i det senarioet som blir teikna for oss tenkjer vi at det er viktig å vere tidleg ute med eit føre-var-prinsipp, seier fungerande biskop Øystein Bjørdal.

I dag sender han ut eit brev til alle prestane i Møre der han ber om at dei sørgjer for å koke alle nattverdsbeger. Enkelte stader blir det brukt eit stort, felles nattverdsbeger. Dette ber Bjørdal om prestane sluttar med inntil vidare.

Nattverd

Prestane i Møre blir bedt om å alltid koke nattverdsbegera etter bruk.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Trur ikkje folk rømer kyrkjene

Biskopen i Møre har ingen frykt for at folk no skal bli skremde frå å gå i kyrkja på grunn av smittefaren:

- På ingen måte. Folk både vil, skal og må samlast i kyrkja til gudsteneste, gravferder og vigsler. Men det er viktig at vi no brukar reglar som gjeld andre stader i samfunnet, til dømes med desinfisering av hender i samband med nattverd og dåp, seier Bjørdal. Han skal vere den første biskopen i Den norske kyrkja som no ber prestane sine om å ta spesielle omsyn på grunn av frykten for svineinfluensa.

- Risikofritt

Bjørdal seier smittefaren no er større enn det som har vore vanleg på lenge, men han trur ikkje det innber risiko til dømes å gå til nattverd:

- Nei, ikkje slik vår normale praksis er. Vi skal sørge for å alltid koke nattverdsbegra, og det er ikkje aktuelt å bruke felles beger lenger, seier han.

Ingen endringar hos katolikkane

Den katolske kyrkja har kyrkjelydar både i Kristiansund, Molde og Ålesund, men innfører førebels ingen spesielle reglar. Pater Fredrik Hansen, som er den personlege sekretæren til biskop Bernt Eidsvig, seier det kan bli aktuelt:

- Vi har førebels ingen reglar på trappene, men det kan sjølvsagt bli endra dersom situasjonen utviklar seg dramatisk seier Hansen. I den katolske kyrkja får nattverdsgjestene vanlegvis berre brød, men enkelte gongar dyppar presten brødet i vinen, før han legg det i munnen til gjestene. Enkelte stader er det også slik at alle kan drikke av eitt, stort nattverdsbeger.

- Førebels blir det opp til den lokale soknepresten, på vanleg måte, å avgjere kva form nattverden skal ha, seier Hansen.

Utset tur til israel

Fungerande biskop Øystein Bjørdal.

Fungerande biskop i Møre, Øystein Bjørdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Biskopen og stiftsdirektøren i Møre utset ein studietur til Israel i oktober for 25 prestar. Dei grunngjev dette med faglege råd om smittefaren for svineinfluensaen som Helsedirektoratet meiner kan toppe seg i overgangen av september og oktober.

- Dette er ikkje krisemaksimering, men førebygging, seier fungerande biskop Øystein Bjørdal. Han seier dei ikkje kan risikere at så mange av prestane blir sjuke.