NRK Meny
Normal

Fryktar ikkje svineinfluensasmitte

Hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll er ikkje uroa for at flyktningane som kjem til Melshorn Hotell i Hareid kan ha blitt smitta med svineinfluensa.

Melshorn hotell

Melshorn Hotell på Hareid står klar til å ta imot 122 asylsøkjarar.

Foto: Linda Haddal Røssevoll

Måndag kom nyheita om at om lag 10 personar på eit akuttmottaket for flyktningar i Vestfold har blitt ramma av svineinfluensa. Kommuneoverlegen i Stokke meiner det er stor sjanse for at svineinfluensasmitte frå flyktningmottaket i Stokke allereie er spreidd til andre stadar i landet.

Ikkje uroa for smitte

Kommunikasjonsrådgjevar Tove Cecilie Fasting i UDI seier at dei 900 asylsøkarar som no bur på Oslo Convention Centre i Stokke skal flyttast til andre akuttmottak, noko som betyr at det truleg kjem asylsøkjarar til Herøy og Hareid i neste veke.

Hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll

Linda Haddal Røssevoll er ikkje uroa for at asylsøkjarane som kjem til Møre og Romsdal har smittsame sjukdommar.

Foto: Frode Berg / NRK

Direktør for Melshorn Hotell på Hareid, Linda Haddal Røssevoll, er likevel ikkje uroa for at desse asylsøkjarane er berarar av smittsame sjukdomar.

– Vi stolar fullt og heilt på at UDI har kontroll på dei asylsøkjarane som dei sender til oss, og at dei er klarerte i forhold til helse og helsemessige. Eg reknar med at helsevesenet er kopla inn og at dei ikkje sender personar som allereie er sjuke ut i distrikta, seier ho.

Haddal Røssevoll seier at dei likevel er førebudd på å ta i eit tak dersom det skulle vere eit behov.

– Dersom det er tiltak vi må ta på førehand, så gjer vi det. Vi reknar med at vi får den informasjonen vi treng frå UDI på dette området, seier ho.