Masseslagsmål
Elevane er redd for hemnaksjonar frå bygdeungdom etter masseslagsmål sist helg, skriv Tidens Krav. Eit ti-tals ungdomar deltok i slagsmålet utanfor kommunehuset i Surnadal.
Elev Per Inge Helland seier til NRK Møre og Romsdal at elevane no tar forhaldsregler når dei skal gå ut. Det har kome truslar etter slagsmålet, mellom anna har ein av elevane ved skulen mottatt slike truslar på butikken. -Dette er ikkje noko kjekt, seier Helland.
Reagerer med avsky
Rektor Nordvald Bondhus reagerer sterkt på at enkelte av elavene ved skulen ikkje tør å gå ut aleine. -Dette er heilt uakseptabelt, tordnar rektoren. Våre elevar må kunne kjenne seg hundre prosent trygge når dei er ute aleine, seier Bondhus.
Men rektoren godtek ikkje at elevene hans bruker vold. Dersom det viser seg at nokre av elevane har starta dette og vore med på å utøve vald mot forsvarlause personar så blir dei kasta ut, seier Bondhus.
Følgjer nøye med
Politiet vil følgje spesielt med i ungdomsmiljøa denne helga, seier lensmann Brage Einum. Lensmannen har hatt møte med leiinga ved folkehøgskulen. Politiet vil patruljere kring skulen og i sentrum av Skei for å sjå om det er mogleg å stanse konfliktane før dei blussar opp. Dette er ei sak som politiet tar alvorleg, seier Einum.