Blomvik er ordførar i ei av dei kommunane i landet der Frp har gjort det absolutt best både ved kommune og stortingsval.
Frp-kommunen Sula
Alt ved Stortingsvalet i 1989 stemte 17 prosent av innbyggjarane i Sula på Frp .
Ved dei fire vala etter 2003 har Frp hatt høgare enn 34 prosent i kommunen.
Ronny Blomvik har vore ordførar sidan 2003. No fryktar han at all den negative merksemda siste tida vil gi negative konsekvensar ved kommune og fylkestingsvalet i haust.
– Det er uheldig. Vi må ta det på alvor, rydde opp og legge dette bak oss.
Fleire saker
Siste tida har fleire saker om sex–trakassering og overgrep rysta partiet.
- Det starta med Birkedal-saka. Ordførarkandidaten til Frp i Stavanger, Trond Birkedal, blir pågripen av politiet, sikta for overgrep. Politiet varslar at saka kan vekse: Birkedal-saken
- I går vart det kjent at ein Frp-politikar i Møre og Romsdal trekker seg frå lista til kommunevalet. To kvinner som tidlegare var medlemmer i FrpU skuldar han for sex-trakassering:
- I dag stadfestar Frp i Sogn og Fjordane at ei kvinne som tidlegare hadde verv i partiet melder at ho vart sex-trakassert av eit partimedlem:
Tillit til leiinga
Ordførar Ronny Blomvik i Sula legg ikkje skjul på at desse sakene dukkar opp på eit svært dårleg tidspunkt. Men han håper vejlarane klarer å skilje mellom desse sakene, og Frp sin politikk.
Han har likevel tillit til leiinga, og meiner dei har gjort det dei skulle i sakene.
– Eg har full tillit til Geir Mo og Siv Jensen. Dei har fulgt vårt reglement. Men dersom dette likevel ikkje skulle vise seg å vere godt nok, så må vi endre reglementet, seier Blomvik til NRK.
– Kan få følgjer
Også samfunnsredaktør Kyrre Nakkim i NRK trur at uroa rundt Frp-politikarar kan få følgjer for partiet.
– Det er skadeleg fordi det viser ein organisasjon som ikkje klarer å behandle desse sakene skikkeleg. Her er det kvinner som har meldt frå, men som ikkje føler at dei er blitt høyrt, seier Nakkim.
Les også: