Hopp til innhold

Fryktar for tryggleiken

Kampen for akuttfunksjonane ved sjukehusa har vore eit stridstema denne veka.

Inger Årflot

Inger Årflot

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Både i Molde og Kristiansund rasar debatten. I Volda er folk redde for å miste tryggleiken.

For 24 år sidan mista Inger Årflot mannen i ei trafikkulukke. Sonen berga livet, etter intensiv behandling.

Sjølv har ho hatt hjartestans, og ho takkar lokalsjukehuset for at ho er i live.

- For meg har det betydd utruleg mykje å ha lokalsjukehuset. Begge dei to gongane ført det til at eg fekk raskt hjelp. Då sonen min blei skadd kunne vi vere nær han fordi vi budde så nært, seier Inger Årflot.

Akuttsjukehus

Helse Midt-Noreg går no gjennom sjukehusstrukturen i regionen. Volda kan miste statusen som akutt-sjukehus. Det betyr eit redusert tilbod for dei som treng øyeblikkelig hjelp.

Det har skjedd med fleire små sjukehus i Noreg dei siste åra. Legane ved sjukehuset er glad for det folkelege engasjementet.

Sjukehus Sunnmøre

Over 70 tusen innbyggjarar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord kan då få får Ålesund eller Førde som nærmaste akutt-sjukehus. Det er mange timar i bil - og ofte ferje. Dei sjukehustilsette i Volda fryktar ei nedlegging av akutt-funksjonen vil vere eit tilbakesteg.

- Etter mitt syn er det heile grunnlaget for at ein kan ha eit lokalsjukehus. Det betyr at når folk treng akutthjelp så kan dei få det utan å måtte reise langt, seier avdelingsoverlege Rune Heggedal.

Prosess

Direktøren i Helse Midt-Norge, Gunnar Bowim, har dei siste dagane besøkt mange lokalsjukehus - også sjukehuset i Volda. At det blir endringar er klart, sier Bowim.

- Grunnen til at vi no køyrer ein strategiprosess der menage er involvert er jo nettopp fordi vi ønskjer å diskutere ein god del forhold knytta til sjukehusa og heile helsetilbodet. Dersom eg skulle forskuttere løysinga så ville det jo ikkje bli ein skikkeleg prosess, seier Bowim.

- Eit demokratisk problem

Rune Heggedal

Avdelingsoverlege Rune Heggedal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Legane er ikkje fornøgd med at det er helseforetaket som skal bestemme kva for sjukehus som skal ha livets rett. Regjeringa har i begge Soria Moria erklæringane sagt at lokalsjukehusa skal bestå.

- Det har ikkje vore nokon open diskusjon i opinionen om ein skal leggje ned akuttsjukehus. Det meiner eg er eit demokratisk problem, seier Heggedal.

Innbyggjarane i Volda og på Søre Sunnmøre må vente minst til sommaren før avgjerda om framtida til sjukehuset blir tatt.

- Tenkjer du kroner og øre så blir det rein forretning og gir utryggleik for oss som bur på Søre Sunnmøre, seier Inger Årflot.