Hopp til innhold

Fryktar for seterkulturen: – Kan bli fleire Farmen-deltakarar enn budeier

Talet på norske setrer har gått kraftig ned det siste århundret, og kunnskap og tradisjon står i fare for å bli borte. No vil Norsk seterkultur ha stølsdrifta inn på UNESCO.

Herdalssetra

Jostein Sande sankar inn geitene til mjølking på Herdalssetra. Han fryktar at kunnskap og tradisjonar går tapt viss setrene fortsett å forsvinne.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Ved inngangen til 1900-talet var det rundt 100 000 setrer i bruk i Noreg, i dag er det berre rundt 900 som framleis er i drift.

Om ingenting blir gjort, risikerer vi å miste både kunnskap og tradisjonar meiner geitebonde Jostein Sande, som driv Herdalssetra på Sunnmøre.

– Eg er redd for det. Etter kvart kan det bli så få setrer i drift at det blir fleire Farmen-deltakarar enn budeier. Det vil vere ille, seier Sande.

Han siktar til TV2-serien der vanlege folk eller konkurrerer om å drive ein gard som for hundre år sidan.

Postkortet Dama på grisen

«Seterjentens fridag» er kåra til Noregs mest kjende postkort.

Foto: Ukjent

Organisasjonen Norsk seterkultur har fått 200.000 kroner i støtte til eit forprosjekt for å få seterkulturen innskriven på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv.

– No blir ein motivert til å leggje ned seterdrifta framfor å halde på den. Vi håpar dette kan skape ei bevisstgjering som får politikarane til å handle, seier sosialantropolog Anne-Katrine Norbye, som leier prosjektet.

Norbye peiker på at ei nedlegging av setrer har store konsekvensar for både natur, miljø, økonomi og kultur.

  • Med tap av aktive stølar forsvinn mykje kunnskap om mjølkestell, handverk, naturbruk, lokking, song og historieforteljing.
  • Utan beitedyr gror kulturlandskapet att, noko som tar livet av plantar, som dyra et. Det kan truge dyreliv, insekt og eit rikt biomangfald.
  • God beitemark blir liggande ubrukt, i ei tid der verdas matbehov berre aukar.
  • Råvarer laga på tradisjonelt vis med dyr som har det godt og beitar i utmarka, er ettertrakta blant mange kokkar.
  • Setrene representer århundre med norsk kultur og historie, og er mykje nytta til turisme og kulturformidling.
Gjenngrodd seter i Sjoadalen
Seter i Sjoadalen

FØR OG ETTER: Desse bilda viser kor forskjellig landskapet rundt Besstrond seter i Oppland var i 1969 og 2019. Seterdrifta er no avslutta.

FOTO: Arthur Sand/Oskas Puschmann

– Ikkje alt kan ende som fiskepinnar

Den landskjende kokken Arne Brimi synest UNESCO-planane er spennande nyhende, og er sjølv oppteken av å ta vare på setrene.

Arne Brimi på Vianvang

Kokk Arne Brimi, kjent frå blant anna «Gutta på tur», er oppteken av å ta heile landet i bruk.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er ikkje så frykteleg mange land som har slike setrer att i Europa, og Sverige har lagt ned nesten alt, seier Arne Brimi.

Han har drive restauranten Vianvang i Vågå i 20 år. Dei spesialiserer seg på det rotnorske, og er heilt avhengige av lokale norske råvarer.

– Med seterkulturen følgjer det eit heilt anna syn på kvalitet, og ein skal ikkje kimse av kvalitet. Ikkje alt kan ende som fiskepinnar i frysedisken, seier Brimi.

Brunost Herdalssetra

Brunost frå Herdalssetra.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Hadde knapt hatt Grieg og Ole Bull

Tilbake på den 200 år gamle Herdalssetra med 35 stølsbuer står Jostein Sande igjen som ein av to aktive drivarar.

Herdalssetra

Herdalen med Herdalssetra ligg 500 meter over havet opp frå bygda Norddal og i UNESCO sitt verdsarvområde.

Foto: Åshild Dale

– Det hastar. Berre på dei 40 åra vi har drive her har talet på aktive setrer minka utruleg mykje, seier Sande.

Han meiner den norske seterkulturen har sett preg på både landskap, mattradisjonar og folkekunst i Noreg.

– Vi hadde vel knapt hatt Edvard Grieg og Ole Bull, iallfall ikkje med den statusen, dersom dei ikkje hadde henta inspirasjon frå setrene, slik dei og mange kunstnarar har gjort, seier Sande.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL