Hopp til innhold

Fryktar for samfunnsberedskapen

Reformprosessane i samfunnet er for lite samordna, meiner tidlegare PST-sjef og politimeister Per Sefland.

Geir Sverre Braut og Per Sefland

Geir Sverre Braut og Per Sefland uroa over utviklinga knytt til samfunnsberedskap.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Han er redd samfunnsberedskapen kan bli svekka av at ein er for lite opptekne av heilskap.

– Eg meiner at reformprosessane i offentleg sektor burde vore betre samordna. Det er trass alt kjerneverdiane i samfunnet det er snakk om, folks liv, helse og tryggleik. Då blir ein nøydd til å vurdere desse prosessane samla, og ikkje isolert, slik eg får inntrykk av at mange blir i dag, seier tidlegare PST-sjef og politimeister Per Sefland.

Han trekker fram sjukehus- og politireforma som to eksempel på dette.

– Det hadde vore ønskjeleg at sentrale myndigheiter hadde sett på desse to reformene samtidig, seier Sefland.

Uroa for utviklinga

Dette var eit av temaa som han og samfunnsmedisinar Geir Sverre Braut diskuterte då dei begge deltok på eit HMS-seminar i Kristiansund. Begge er uroa over utviklinga knytt til samfunnsberedskap.

– Det handlar om å vere klar over kva som står på spel, og kvalifisere dei som blir nøydd til å stå ute i feltet å ta hand om desse situasjonane. Dette gjeld blant anna politi, legar og sjukepleiarar. Då er det viktig at desse får øving og blir bevisst på kva dei skal bidra med i ulike situasjonane, seier Braut.

– Noreg har ei busetjing og ein geografi som gjer at folk må gjere det beste ut av situasjonen der dei enn må vere, enten det er ved sjøen eller høgt til fjells, seier Sefland.

Dei meiner at samfunnsberedskapen ikkje blir tatt godt nok med i dei reformene som no går føre seg.

– Desse reformene blir ofte handtert internt i dei enkelte etatane, og det gjer at ein rekke samfunnsverdiar fell mellom desse stolane, som blant anna busetting, næringsutvikling, og andre risikoforhold som ikkje ligg sentralt innanfor kjerneverdiane for den aktuelle etaten, seier Sefland.

Dersom prosess og prosedyrar manglar eit verdigrunnlag som alle kjenner så kan det gå gale. Samfunnsmedisinar Geir Sverre Braut seier at Columbiaulukka skjedde til trass for at NASA meinte at dei hadde verdas beste prosedyrar. Han er uroa for at Noreg er på veg til å bli eit prosedyresamfunn som er blind for viktige verdiar.

– Eg eg redd for at vi støtter oss for mykje på noko som vi trur er ei ideelle organisering. Dersom verda er så kompleks at den blir overforenkla då gjer vi ein fundamental feil, seier Braut.