NRK Meny

Fryktar for røntgentilbodet

Styret i Helse Midt-Noreg blir neste veke orientert om uroa blant legar i Kristiansund etter at helseregionen har inngått avtale med Aleris om bildediagnostikk og røntgentenester. Aleris har avdelingar i Ålesund og Trondheim, men ikkje i Kristiansund slik den tidlegare avtalepartnaren Medi3 har. Legane fryktar at røntgentilbodet til Medi3 i Kristiansund blir lagt ned.

RØNTGEN
Foto: Skjermdump fra informasjonsvideo / Statens strålevern / Ahus