Hopp til innhold

Fryktar for rask omstilling

Hovudverneombod Bjarte Jensen fryktar at omstillinga i Helse Møre og Romsdal skal gå ut over resultata. Han seier prosessane no går for raskt for mange av dei tilsette.

Hovudverneombod ved Helse Sunnmøre, Bjarte Jensen
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Styremøte Helse Møre og Romsdal september 2014

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal diskuterte måndag den økonomiske situasjonen i føretaket.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Meir enn 300 millionar kroner. Det er summen som skal sparast over dei neste seks åra.

Under gårsdagens styremøte i helseføretaket blei det klart at innsparingane kjem til å merkbare for heile organisasjonen. Mellom anna må mellom 200 og 300 bort i løpet av perioden.

-Blir sett på prøve

Jensen fryktar at endringane no skjer så at det går ut over kvaliteten. Han seier mange av dei tilsette er prega av omstillingane.

– Det er fleire arbeidsmiljø som er prega av at vi blir sett litt på prøve no, seier han til NRK. – Vi er ein ei kunnskapsbedrift og er avhengige av å få med alle for å få mest mogleg effekt av omstillingane.

Har fleire stillingar enn snittet

I følgje tal frå Helsedirektoratet har Helse Møre og Romsdal både fleire tilsette og fleire sengeplassar enn gjennomsnittet for landet. Jensen meiner statistikken ikkje automatisk kan omsetjast til kutt av stillingar.

– Møre og Romsdal er eit spesielt fylke med mange fjordkryssingar og fjellovergangar. Det er grunnen til at vi har den sjukehusstrukturen som vi har i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL