Hopp til innhold

Frp jublar, medan Botten og Klinge fryktar for kultur og landbruk

Harald Tom Nesvik jublar etter 40 år i opposisjonstilvere, medan Jenny Klinge og Else-May Botten er urolege. – Det er riktig at det blir ein ny politisk kurs med Erna, seier Botten.

Harald Tom Nesvik

Harald Tom Nesvik er svært fornøyd og mener regjeringsplattformen er gjennomsyret av gof Frp-politikk.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Samanlikna med plattforma som ligg, blir det ein ny politisk kurs. Dei går inn for meir privatisering av helse, vegar og skule, og køyrer på opp mot skattelette. Men totalsummen og totalbildet får vi vite lite om, spesielt om kvar innskjerpingane skal skje.

Else-May Botten (Ap)

Else-May Botten er skeptisk til den nye regjeringsplattforma.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Else-May Botten er allereie halvvegs inne i opposisjon, sjølv om den blåblå regjeringa ikkje har starta enno. Men Høgre og Framstegspartiet sin plan er klar i store trekk, og Arbeidarparti-politikaren er spent.

– Dei er tydelege på at helseføretaka skal bort, og at vi skal få ein ny nasjonal helseplan. Det vil gi uvisse om når ting kjem. Skal alle ballar kastast i lufta og landast på nytt?, spør ho.

– Men dei er tydelege på at ingen fødeavdelingar skal leggjast ned enn så lenge, legg Botten til.

Tom Harald Nesvik

Harald Tom Nesvik kom inn på Stortinget første gong i 1997. No får Frp-politikaren endeleg vere i regjering.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
Jenny Klinge

Jenny Klinge (Sp) skjønner ikke at alle detaljer kan spikres i første omgang.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Gjennomsyra av god Frp-politikk

Botten er framleis stortingspolitikar, men ikkje lenger i posisjon. I posisjon vil derimot Harald Tom Nesvik frå Ålesund vere – etter 16 år på Stortinget.

– Det er 40 år sidan vi blei stifta, og etter nær 40 år i opposisjonstilvere er vi no i situasjonen der vi skal danne ei regjering saman med Høgre. Plattforma er gjennomsyra av god Frp-politikk, gjennomsyra av tiltak som skal gjere kvardagen enklare for folk flest, sa Nesvik.

Nesvik, som kan bli den neste parlamentariske leiaren , viser til lovfesta nettolønsordning, oppretting av infrastrukturfond på 100 milliardar kroner, gjennomslag for eit nytt investeringsselskap for veg og jernbane, samt lette i skattar og avgifter.

– Alt i tråd med Frp sin politikk. Framstegspartiet er svært godt fornøgde med plattforma som no ligg her, sjølv om vi ikkje vann alle slaga.

– Vi tapte slaget om Lofoten, Vesterålen og Senja, på oljeboring eller konsekvensutgreiing. Vi måtte òg gi mykje på bompengar, sjølv om det no blir mindre bompengar. Uansett er vi summa summarum fornøgde, seier Nesvik til NRK.

Fryktar for bøndene

Alle saker blei derimot ikkje nemnt i Høgre og Framstegspartiet sin politiske plattform. Jenny Klinge frå, Senterparti-politikaren frå Surnadal, fryktar for bøndene.

– Det var mykje bra som blei sagt, og eg håper dei får til det gode, men på den andre sida blir eg skremt.

– Det gjeld mellom anna det som blir sagt og skrive om landbruket, der ein skal gjere landbruket mindre avhengige av statlege overføringar. Det betyr i praksis at mykje av landbruket i Møre og Romsdal kjem til å lide under den nye regjeringa, meiner Klinge.

Ho er skeptisk til fleire ting, men forstår samstundes at ikkje alle detaljar kan spikrast i første omgang.

– Men det gir òg grunn til bekymring for oss som er opptekne av distrikta, kommuneøkonomien – der den lokale velferda blir skapt.

Kultur, klima og bistand?

Botten i Arbeidarpartiet stussar òg på landbrukspolitikken den blåblå regjeringa legg opp til, men er meir kritisk til andre punkt:

– Kultur er prata svært lite om, eller ikkje prata om. Og kva med klima og bistand? Dei er svært tydelege på nokre punkt, men heller utydelege på andre punkt, meiner Botten.

No er ho spent på kor store forskjellane faktisk blir, kor raskt dei vil kome, kva dei vil koste og kva eventuelle konsekvensar dei vil ha på kort og lang sikt.

– Noko av det som uroar meg absolutt mest er at ein skal starte eit stort vegselskap. Korleis skal ein handtere dette opp mot OPS (Offentleg Privat Samarbeid)?

– Dei seier at store vegprosjekt skal bruke OPS, men det er å binde opp budsjetta for 25 år fram i tid. Korleis skal vegselskapet fungere, kven skal ha inntektene og korleis skal strukturen bli?, undrar Botten.

Mange spørsmålsteikn frå to synlege kvinnelege politikarar frå Møre og Romsdal, samt ein spent og svært glad mannleg ringrev. Det ligg vel kanskje an til mange kampar mellom partane gjennom fire år?